Flugesmekkar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Assortert utval av flugesmekkarar

Ein flugesmekkar er ein reiskap for å ta livet av fluger og andre insekt gjennom å slå dei flate.

Tradisjonelt ser flugesmekkaren ut som ein liten badminton- eller tennis-racket, med eit lite, flatt og nettmønstra hovud festa til eit lengre skaft.

Brukaren bruker flugesmekkaren ved å halde i skaftet, for så med hjelp av ei svingande rørsle å slå til målet sånn at det blir råka av hovudet. Det er som regel enklare å få ønskt resultat vha. ein flugesmekkar når målet sitt i ro på ei fast overflate.

Nettmønsteret på hovudet hjelper det til å få ei stor overflate, som gjer det enklare å treffe målet (som har ein tendens til å merke at noko er på ferde og derfor prøver å slippe unna, og som fører til at det ofte er i rørsle idet ein prøver å treffe det), men samstundes minskar luftmotstanda sånn at hovudet kan få større fart. Skaftet er ofte elastisk for å auke svingfarta, à la racket-ar eller golfkøller. Flugesmekkarar er laga både i plastikk, metall og tre.

I det siste har det og komme remedie som blir selt under omgrepet «Elektrisk Flugesmekkar». Dette er batteridrivne, elektriske innretningar som mest liknar på ein liten plast-racket, og som drep målet ved at ho transformerer opp ei høg elektrisk spenning som lammar og drep ved direkte kontakt. Desse remedia egnar seg lite til å slå med, spesielt mot faste overflater.