Fluxbox

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skjermskot av Fluxbox.

Fluxbox er ein vindaugehandsamar for X Window System som er basert på kjeldekoden frå Blackbox 0.61.6. Prosjektet vart starta fordi Blackbox i ein periode var lagt på is av utviklarane. Fluxbox er kjend for å vere lett og stabil samtidig som handsamaren har store muligheiter for konfigurasjon. Sidan Fluxbox satsar på å levere eit minimum av grafiske effektar, har Fluxbox berre ei oppgåvelinje og ein meny som dukkar opp når ein høgreklikkar på bakgrunnen. Ein kan bygge ut med eksterne program for å få slike ting som ikon på skrivebordet. Fluxbox baserer seg på arkfaner, noe som gjør at eit programvindauge kan sleppast i eit anna.

[endre] Bakgrunnsstoff

[endre] Sjå òg

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk