Twm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nettlesaren Mozilla Firefox og Xclock i twm

twm er ein vindaugehandsamar for X Window System, og har blitt distribuert som standard vindaugehandsamar sidan fjerde utgåva av X (X11R4). Han støtter tittellinjer, dekorerte vindauge og ikon, og er til ein viss grad konfigurerbar. Sjølv om twm var eit stort gjennombrot då han kom ut, har han blitt utmanøvrert av nyare vindaugehandsamarar. Det vert heller ikkje gjort noko vedlikehald på twm lenger. Vindaugehandsamaren er fortsett tilgjengeleg som del av mange X-distribusjonar, sjølv om han vert lite brukt som anna enn «siste skanse». Somme VNCserverar nyttar twm som standard vindaugehandsamar ved installasjon.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den første versjonen, som vart skriven av Tom LaStrange for X11R1, vart publisert på Usenet comp.unic.sources den 13. juni 1988. Mindre enn eit år seinare vart han kontakta av Jim Fulton frå X Consortium som foreslo at LaStrange gav over vedlikehaldet av kjeldekoden til X Consortium. Etter å ha gjort den kompatibel med den da nye Inter Client Communications Conventions Manual overtok den plassen til uwm som standard vindusbehandler fra X11R4, den fjerde utgåva av vindaugesystemet.

Sjølv om twm i dag vert nytta svært sjeldan, har den hatt ein massiv innverknad på utviklinga av andre vindaugehandsamarar. Fleire vindaugehandsamarar, slik som swm; vtwm; tvtwm; ctwm; fvwm, byggjer direkte vidare på koden til twm, mens andre har henta idear og konsept derfrå.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Det har vore noko usemje om forkortinga twm står for. Tom's og Tab Window Manager. Begge namna er i grunn rette. Det originale namnet var Tom's Window Manager, men då X Consortium tok over prosjektet, vart namnet forandra til Tab Window Manager. Slik vart det grunngjeve:

To save Tom LaStrange from being blamed for any of the massive numbers of changes that have been done to twm since he gave up control of it, the name «twm» now stands for «Tab Window Manager».


Tux.svg
Vindaugehandsamarar for X window
AfterStep | Blackbox | evilwm | Enlightenment | Fluxbox | FVWM | IceWM | Ion | KWin | Metacity | MWM | Openbox | Sawfish | twm | Window Maker