Fobi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein fobi (frå gresk φόβος (phobos), 'frykt' eller 'flukt') er ein ugrunna, sjukleg angst for visse situasjonar, fenomen, dyr, ting eller liknande. Graden av angst kan variera mykje, frå såkalla fobiske frykter til å vera ei alvorleg liding — ei lammande angst som heilt kan dominere livet til eit menneske.

Kategorisering[endre | endre wikiteksten]

Ein deler gjerne fobiar i tre typar:

Behandling[endre | endre wikiteksten]

Nokre måtar å behandla fobiar er:

  • Gradvis tilnærming - ein eksponeringsbehandling der pasienten gradvis blir utsett for det som gjev angst i trygge omgjevnader. Dette er ei form for kognitiv adferdsterapi.
    • «Virtual reality», ei form for gradvis tilnærming der pasienten ved hjelp av til dømes hanskar og briller opplever ein kunstig røyndom simulert av ein datamaskin.
  • Medisinering - angstdempande medisinar.

Ikkje-kliniske fobiar[endre | endre wikiteksten]

I løpet av dei siste ti-åra har ein på engelsk og seinare på norsk teke til å nytta -fobi om sterke kjensler og haldningar mot noko, men som ikkje eigentleg er psykiske lidingar.

Nokre døme på vanlege og ikkje fullt så vanlege fobiar[endre | endre wikiteksten]

  • Ablutofobi – Otte for å vaske seg eller bade
  • Achluofobi – Otte for mørkret
  • Aerofobi – Otte for gjennomtrekk eller å svelgje luft
  • Aeroakrofobi – Otte for opne plassar høgt oppe
  • Aeronausifobi – Otte for å spy av luftsjuke
  • Afrofobi – Frykt for eller misliking av afrikanarar eller afrikansk kultur
  • Agateofobi – Angst for å vere sinnssjuk
  • Agorafobi – Otte for opne plassar eller å vere på stadar med mykje folk
  • Agrafobi – Otte for å bli seksuelt overgripen
  • Agrizoofobi – Otte for ville dyr
  • Agyrofobi – Otte for gater eller å krosse ei slik
  • Aichmofobi – Otte for nåler og andre spisse saker
  • Ailurofobi – Otte for kattar
  • Akarafobi – Otte for å klø eller insekter som gjer at ein kan byrje å klø
  • Akerofobi – Otte for beiskleik og vreide
  • Akrofobi – Otte for høgder
  • Albuminurofobi – Otte for for sjukdomar i levra
  • Alektorofobi – Otte for kyllingar
  • Algofobi – Otte for å ha vondt
  • Alliumfobi – Otte for kvitlauk
  • Allodoksafobi – Otte for meininger
  • Altofobi – Otte for høgder (Sikkert ei anna form for høgder enn nemt ovanføre)
  • Amathofobi – Otte for støv
  • Amaksofobi – Otte for bilkøyring
  • Ambulofobi – Otte for å spasere
  • Anablefobi – Otte for å sjå opp
  • Androfobi – Otte for menn
  • Anglofobi – Otte for England eller engelsk kultur
  • Aquafobi – Otte for vatn
  • Arachibutyrofobi – Otte for at peanøttsmør skal setje seg fast i ganen
  • Araknofobi – Otte for vevkjerringer
  • Armafobi - Otte for våpen
  • Aviofobi – Otte for å fly (Au kalla flyskrekk i indre krinsar)
  • Caligynefobi – Otte for vakre kvinner
  • Coulrofobi – Otte for klovnar
  • Cyclofobi – Otte for syklar
  • Cynofobi – Otte for hundar
  • Dorafobi – Otte for pels frå dyr
  • Eridofobi – Otte for å misse fatninga
  • Etnofobi – Otte for eller misliking av folkestraumen eller en homogenisert kultur, brukasts oftast om internasjonalistiske rørsler
  • Erytrofobi – Angst for å raudme
  • Eufobi – Otte for gode nyhende
  • Flatulensofobi - Otte for avføring
  • Fobofobi – Otte for å otte seg for noko
  • Fonofobi – Otte for ljod (kjenslevar for ljod)
  • Fotofobi – Otte for ljos (kjenslevar for ljos)
  • Geliofobi – Otte for latter
  • Grafofobi – Otte for å skrive
  • Heliofobi – Otte for sola
  • Hellenologofobi – Angst for vanskeleg terminoligi i vitskapen
  • Hematofobi – Otte for å sjå blod
  • Homofobi – Otte for homofile personar
  • Lalofobi – Otte for å snakke
  • Iatrofobi – Otte for lækjarar
  • Illyngofobi – Otte for å sjå ned
  • Islamofobi – Otte for islam
  • Klaustrofobi – Otte for rom som ikkje har noko utgang
  • Koumpounofobi - Otte for knappar på klede.
  • Melofobi - Otte eller hat for musikk
  • Musofobi – Otte for myser (au kalla "mus" på fint)
  • Negrofobi – Otte for å sjå negrar
  • Nekrofobi – Otte for å sjå lik
  • Neofobi – Otte for alt som er nytt
  • Novercafobi – Otte for svigermødrer
  • Nyktofobi – Otte for mørkret
  • Ofidiofobi – Otte for slangar
  • Odontofobi – Otte for tannlækjarar
  • Ornitofobi - Otte for fuglar
  • Panfobi – Otte for alt
  • Parasittfobi – Otte for insekt
  • Paraskavedekatriafobi – Otte for fredag den 13.
  • Phronemofobi – Otte for å tenkje
  • Radiofobi – Otte for radioaktiv stråling
  • Tanatofobi – Otte for dauden
  • Thaasofobi – Otte for å sitje
  • Triskaidekafobi – Otte for talet 13
  • Spheksofobi – Otte for kvefs
  • Symbantofobi – Otte for ulukker
  • Undasofobi - Otte for bylgjer
  • Xanthofobi – Otte for fargen gul
  • Xenofobi – Otte for det som er framand
  • Zoofobi – Otte for dyr
  • Ønofobi – Otte for vin

Kjelder[endre | endre wikiteksten]