Fokus i fysikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eit bilete som er delvis i fokus.

Fokus innan fysikk er det punktet der lysstrålane i ein parallell strålebunt samlast etter at dei har gått gjennom ei linse eller er vorte reflektert frå ein holspegl.

Ordet blir òg brukt for avstanden mellom linsa og brennpunktet som òg blir kalla brennvidda (fokalavstanden). Fleirtalsforma er foki på norsk (latinsk bøying).

Held vi ei lupe med breisida mot sola, vil ljoset samle seg i dette punktet, blant anna med den verknaden at brennbart material plassert der kan antennast. Ser vi gjennom lupa, vil feltet i fokus bli forstørra og framstå som klårare, medan synsbiletet er utanfor brennvidda.

I overførd tyding blir det brukt det om midtpunkt eller midtfelt i mange samanhengar, både sosiale og andre der det snakkast om samlingspunkt. («Han var det naturlege fokuset for merksemda i samband med ---»)

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]