Fonnafly

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fonnafly AS er eit flyselskap som har taxiflyging og sightseeing som hovudaktivitet, men som òg driv med lasteflyging, mastemontering, betongflyging, overvaking, foto-, film- og reportasjeflyging med meir. Selskapet vart skipa i 1970 og har hovudbase i Rosendal i Kvinnherad. Det har avdelingar i Bergen, på Voss og ved Fornebu utanfor Oslo. Selskapet opererer tre sjøfly av typen Cessna 206 og eitt amfibiefly av typen Cessna 208 samt fire helikopter av type Robinson R-44, EC-120B og AS-350B3. Selskapet er verksamt heile året, men frå ca. 15. oktober til 15. april er det berre helikopteravdelinga som er i verksemd.

Fonnafly Sjø AS vart skild ut frå Fonnafly AS som eige selskap i 1990. Dette selskapet var eit reint sjøflyselskap fram til 1. april 2004, då det fekk løyve til å operera helikopter. To helikopter av typen Robinson R44 vart etter dette tekne i bruk ut frå basar på Flesland og Bergen. Frå 2005 har det òg drive helikopter med utspring frå Voss.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]