Fordobling av kuben
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fordobling av kuben eller det deliske problemet er eit av dei klassiske problema i matematikken. Det går ut på å konstruere ein kube med dobbelt så stort volum som ein viss kube. I følgje myta vart dette problemet aktuelt for orakelet i Delfi då det vart kravd at eit altar med terningform skulle gjerast dobbelt så stort.
Dersom
er sida i det nye alteret,
sida i det gamle, er problemet å konstruere eit linjestykke slik at
eller
Det er bevist at denne konstruksjonen ikkje let seg gjennomføre med passar og linjal.
Kjelder [endre]
- Store norske leksikon, snl.no, «kubens fordobling»

![\ x = s \sqrt[3]{2}](http://upload.wikimedia.org/math/9/7/b/97b2d8b66d6e384ab9a4107960b5e788.png)