Fori Imperiali

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For ein meir generell artikkel om keisarlege torg, sjå keisarforum.

Fori Imperiali (it.), òg kalla Keisarfora eller Keisarforuma på norsk, er namnet på dei fem foruma (torga) som vart bygde etter tur nordom Forum Romanum i Roma.

Fori Imperiali - detalj av dei såkalla «Colonnacce» på Nervas forum.

Torga vart bygde mot slutten av den romerske republikken, og i den fyrste tida til dei romerske keisarane. Romarriket var då under utviding. Folkeauken og den veksande administrasjonen i Roma førte etterkvart til at ein trong større plass enn Forum Romanum hadde. Nye torg vart bygde på nordsida. Gaius Julius Cæsar lét i år 54 fvt. det antikke bysentrumet utvida med eit nytt forum. Forumet vart bygd rett ved den gamle bygrensa under Kapitolhøgda. Forumet fekk seinare namnet Forum Iulium. I samband med Cæsars forum, fanst forretningslokale, men ved dei etterfølgjande torga fanst det berre domstolar, administrasjon, statshandlingarog rom for offentlege seremoniar. Den arkitektoniske prakta var eineståande.

Restane av keisarforuma vart i 1930-åra skjerma frå seinare byggjeprosjekt i samband med at ein anla Mussolini sin store paradeveg, Via dell'Impero (i dag: Via dei Fori Imperiali) mellom Piazza Venezia og Colosseum. Mange underjordiske bygningsdelar vart framleis skjulte under vegen og dei plantingar, som vart anlagt langs den. I dei seinaste åra har det foregått nye utgravingar i området.

Dei fem keisarforuma

Dei fem keisarfora[endre | endre wikiteksten]