Romarriket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Romarriket er ei nemning på det romerske imperiet som heilskap. Romarriket kan delast inn i tid etter styresett, i den romerske keisartida, tida etter år 31 fvt som avløyste den romerske republikken. I Romarriket var byen Roma hovudstad og sentrum. Etter kvart utvikla Romarriket seg til å omfatte området kring heile Mellomhavet.

Romarriket på 100-talet, då det var som størst

Politisk utvikling i Romarriket[endre | endre wikiteksten]

Romarriket gjekk frå å vere ein liten bystat, underlagt etruskiske kongar og grunna i jordbruk og handel på den italienske halvøya, til å verte eit enormt keisarrike som hovudsakleg støtta seg økonomisk, sosialt og politisk på hærføring og erobringsvinst.

Republikken[endre | endre wikiteksten]

Utvida artikkel om Republikken Rom

I byrjinga, når republikken Roma vart oppretta rundt 500 f.kr. bygde ein det politiske systemet på landbruket, sidan det var grunnlaget for eksistensen til det romerske samfunnet. Dei om lag 300 rikaste borgarane (her: dei som eigde mest land) i den tidlege bystaten Roma vart kalla patrisiarar, og hadde fast plass i Senatet, som den gongen var den grunnleggande maktinstansen i republikken. Retten til å sitje i Sentatet var arveleg, so allereie i den spede byrjinga vart Romarriket bygd aristokratisk. Men dei romerske borgarane som ikkje hadde plass i Senatet vart kalla plebeiarar og hadde ein (tidleg) demokratisk rett til å sitje i Plebeiarforsamlinga (folkeforsamlinga).

Den utøvande makta i republikken Roma var to konsular, velde av -og mellom- senatorane. Dei skulle styre republikken mellom møta i Senatet og Folkeforsamlinga og var pliktige å styre etter romersk lov; dei var difor underlagt «folkestyret» (demokrati hadde ikkje same tyding i Romarriket som det har i moderne tid i Vesten). Det var Senatet som utarbeidde og la fram lovframlegg og styringsvedtak i republikken; desse framlegga måtte handsamast i Folkeforsamlinga, der medlemmane kunne stemme ja eller nei til framlegga. Vart dei godkjende i Folkeforsamlinga vart dei lovar som konsulane var pliktige å styre etter (vart dei ikkje godkjende skulle konsulane ikkje styre etter dei).

Folkeforsamlinga velde òg nokre plebeiarar til å vere folketribunar. Ein Folketribun (plebeiartribun) hadde vitjings- og vetorett i Senatet, men alt i alt var folkemakta (demokratiet) sterkt avgrensa, og det var patrisiarane som hadde størst innverknad på politikken. Republikken var -og forblei- eit oligarki fram til Romarriket vart eit keisardøme med Julius Cæsar og keisar Augustus.

Stenderkampane (400-300 fkr)[endre | endre wikiteksten]

Utvida artikkel om Stenderkampane (400-300 f.kr.)

Litt om grunnlaget for opprøra[endre | endre wikiteksten]

Stenderkampane mellom 400 og 300 f.kr. var ei lang rekke plebeiaropprør mot det rådande aristokratiet i republikken. Etterkvart som riket vart større fekk mange plebeiarar meir pengar og makt og kravde reell innflyting på styret av republikken, gjennom t.d. å få tilgang til embetsmannspostar eller sete i Senatet.

I andre enden av den opprørske plebeiarstanden var dei fattigaste romerske borgarane, som ønskte betre levekår og meir land til å dyrke mat. Levekåra i den fattigaste delen av folkesetnaden var til tider særs dårlege, samstundes som dei fattige borgarane laut sjå at patrisiarane/senatorane gjorde seg rikare ved å gjere størstedelen av dei nyvunne landområda Romarriket tok gjennom krigføring til sine eigne private eigedomar. Det gjorde dei trass i at lovane i republikken sa at alt nyvunne land skulle delast rettferdig mellom borgarane gjennom staten. Dette var mogeleg mellom anna av di det var patrisiarane sjølve som hadde rett til å sitje i domstolane, og lovane var heller ikkje nedskrivne, noko som gjorde det vanskeleg for utanforståande å protestere.

Litt om resultatet av opprøra[endre | endre wikiteksten]

Stenderkampane førte til ei rekke endringar, men pressa aldri fram noko grunnleggande systemskifte i staten, slik det er lett å tru at nokre ønskte. Opprøra og militærstreikane enda i at plebeiarar vart meir «rettsleg» likestilte med patrisiarane. Forbodet mot ekteskap mellom stendene vart oppheva og plebeiarar fekk t.d. tilgang til å verte velde inn i embetsmannspostar.

Det var likevel framleis sånn at ingen arbeidsplassar i staten (embetsmannspostar) vart lønna. Det praktiske utfallet av den rettslege utjamninga mellom patrisiarane og plebeiarane vart difor at eit fåtal av dei rikaste plebeiarane let seg velje til embetsmenn og gifta seg inn i patrisiarstanden (dei skifta stand). Etter ei stund var talet på senatorar i Roma dobla frå 300 til 600. Oligarkiet vart difor vidareført, berre med større fleksibilitet og stabilitet, sidan alle som vart mektige nok til å gjere opprør mot patrisiarstanden no kunne giftast inn i makta.

Trass i at opprøra aldri førte med seg nokon store sosiale systemendringar kan ein vise til at dei resulterte i at dei lægste stendene fekk fleire rettar. Mellom anna vart rettsvernet vart kraftig betra gjennom at det romerske lovverket vart nedskrive, og det vart opna ein port for sosial klatring, frå plebeiarstanden til dei patrisiarske maktkorridorane gjennom m.a.ekteskaps- og embetsmannslovgjevinga.

Krigane mot Kartago (frå jordbruk til erobring)[endre | endre wikiteksten]

Utvida artikkel om Kartago

Litt om krigane mot Kartago[endre | endre wikiteksten]

Både grekarane og romarane låg lenge i konflikt med ein annan stor erobrar- og handelssivilisasjon i Mellomhavsområdet; kartagarane. For Romarriket kulminerte den her konflikten mellom 264 og 146 f.kr., då dei to sterkt sentralstyrte og høgt utvikla sivilisasjonane låg i tilnærma konstant krig med kvarandre. Romarane nytta flåta si til å angripe Kartago, medan kartagaren Hanibal invaderte Roma ved å marsjere gjennom Nord-Afrika, Spania og Alpane med ein enorm hær som mellom anna inneheldt 16 stridselefantar. Dei hadde då òg fått militær og økonomisk stønad frå delar av Den hellenistiske verda, mellom anna frå fleire greske bystatar og områda i Makedonia (der Aleksander den Store hadde komme frå)

Romarane vann krigen til slutt, og i 146 f.kr. vart byen Kartago erobra av romarar og seinare jevna med jorda. Ut frå historia er det tydeleg at det var eit sterkt romersk hat mot kartagarane etter deira herjingar på den italienske halvøya; etter at alt i Kartago var knust, strøydde romarane salt over ruinane for at ingenting skulle gro der meir.

Frå jordbruks- til erobringsøkonomi[endre | endre wikiteksten]

Sigeren over Kartago markerer eit klårt skilje i romersk utanrikspolitikk. Romarriket var no den suverent sterkaste og best organiserte sivilisasjonen i mellomhavsområdet, og dei gjekk til harde og brutale åtak mot dei mindre statsdanningane i Aust-europa, som hadde gjeve kartagarane stønad til krigføring.

Etter at romarane knuste Kartago ser ein ei (i historisk perspektiv) dramatisk samfunnsendring. Republikken hadde alltid drive erobringskrigar (m.a. lagt under seg heile den italienske halvøya), men no ser ein at den store straumen av småkrigar og erobringar mot aust fører større og større verdiar inn til Roma. Etterkvart som det vert oppretta koloni-liknande skatteprovinsar utanfor den italienske halvøya, vert «Italia» skattefritt. Det er først etter det avsluttande slaget mot Kartago at ein ser at erobringsøkonomien til Romarriket overstig inntektene frå jordbruket, som tidlegare hadde vore den grunnleggande næringsvegen i republikken - grunna den fullstendig overlegne organisasjonen og militærteknologien romarane sit med.

Klientsystemet[endre | endre wikiteksten]

Utvida artikkel om klientsystemet i Romarriket

Frå den spede byrjinga vert politikken i republikken meir og meir dominert av klientsystemet. Klientsystemet var i seg sjølv ein av dei viktige faktorane til at militærleiarar rundt år 0 kunne kjempe om makta i republikken, og at Julius Cæsar kunne tvinge til seg eineveldet i år 49 f.vt.

Oppbygginga av klientsystemet[endre | endre wikiteksten]

Sidan Folkeforsamlinga hadde den grunnleggande avgjerdsmakta i republikken (les: Republikken Rom), var kvar einskild senator avhengig av å ha ei lojal gruppering av plebeiarar bak seg i Folkeforsamlinga for å få gjennomslag for sine framlegg. I kampen om å trygge stønad i Folkeforsamlinga utvikla det seg ein kultur for at patrisiarar betalte for, trua til seg eller gav beskyttelse til plebeiarar som stemte «rett» i Folkeforsamlinga. Patrisiaren (senatoren) vart då patron for sine klientar.

Sidan Romarriket ikkje hadde noko velferdssystem, eller fungerande politimakt, var det fleire grunnar til at klientsystemet fekk utvikle seg. Klientane gjekk til patronane sine om dei hamna i rettslege tvistar, vart skadde og trong legehjelp, eller trong assistanse av andre typar, t.d. fungerte patronen og mennene hans som politiet fungerer for nordmenn i dag. Forholdet mellom patronar og klientar utvikla seg til å verte ein grunnstein i samfunnet. Lojalitetsbanda gjekk ofte i arv.

Ein kan sjå ei utviklingsline mellom patron-klient-forholdet og godseigar-leiglending-forholdet i Europa i Mellomalderen, då fleire patronar flytta ut av bysentra med sine klientar i hundreåra før Vestromarriket fall, og utvikla liknande (langt i frå like djuptgåande) band der.

Proletarsoldatar i klientsystemet[endre | endre wikiteksten]

Utvida artikkel om proletarsoldatane i Romarriket

Mot samanbrotet (samanbrotet nærma seg i eit historisk perspektiv, men det var nok få som merka det i samtida), når germanarane byrja å prese på vestdelen av Romarrriket, vart klientsystemet vrengt over til å verte eit maktsystem for hærførarane i republikken.

I storparten av romersk historie hadde det vore jordbrukarane si plikt å stille som soldat til hæren, på grunnlag av jordbrukarane si grunnleggande rolle i den tidlege romerske republikken. Etterkvart som folkevandringane i Europa førte til at germanarane pressa på vestdelen av romarriket, mellom anna av di hunarane pressa germanarane vekk frå sine område, vart ei militær endring naudsynt. Det var ikkje lenger mogeleg for romarane å drive storstilt erobringskrig mellom anna av di det no var dei sjølve som var på defensiven. Dessutan hadde dei erobra dei områda som var prega av stor rikdom i sin eigen omkrins allereie.

Hærføringa førte ikkje lenger med seg dei inntektene den hadde gjort tidlegare, ettersom hæren hovudsakleg dreiv forsvar av grensene. Det trengdes større militære ressursar til å forsvare det enorme imperiet enn det tidlegare hadde trengdes til å utvide det og erobre nye landområder. Alt i alt opplevde riket soldatmangel. (Her ser ein òg ustabiliteten som oppstod i Vestromarriket når militærøkonomien (som romarane hadde gjort til hovudinntektskjelde i vest, framfor jordbruket) ikkje lenger gav inntekter nok. Historisk ser ein at samanbrotet var på veg)

Senatet (og Folkeforsamlinga) fekk difor (og av fleire mindre årsaker) vedteke at den romerske hæren skulle kalle inn proletarar (lat: «dei som berre har avkom» -ikkje jord) til hærteneste. Proletarane vart avhengige av sine hærførarar for å få t.d. mat, rettshjelp og liknande, til og med etter militærtenesta - ikkje berre under militærtenesta, slik bondesoldatane hadde vore. Difor utvikla proletarsoldatane eit klientforhold til sine generalar, og gradvis vart dei romerske soldatane i større og større grad klientsoldatar til sine generalar, heller enn soldatar av Rom. Den utviklinga førte med seg stor makt til dei militære leiarane i republikken. Proletarane hadde, som alle andre plebeiarar, rett til å sitje i Folkeforsamlinga.

Keisardømet[endre | endre wikiteksten]

Utvida artikkel om keisardømet i Romarriket
Utvida artikkel om Pax Romana

Gradvis vart republikken dominert av maktkampen mellom militærleiarane, og gradvis utvikla ein diktaturet. Julius Cæsar var «den første keisaren» (Cæsar er opprinninga til ordet keisar). Han styrte rett nok berre i fem år som diktator (49 - 44 f.vt.), etter å ha drepe dei to andre medlemmene i triumviratet (les meir om Julius Cæsar), men han sette i stor grad det avgjerande nådestøytet i republikken og la grunnlaget for keisardømet.

Julius Cæsar velde òg sin eigen arving, og etter ein kort maktkamp etter at Cæsar vart dolka ned av ei gruppe senatorar som frykta tyranniet, vart Oktavian (adoptivsonen til Julius Cæsar) eineherskar rundt år 30 f.vt. Klok av å sjå kva skade det hadde gjort faren å framstille seg sjølv som konge og "fedrelandsfar", velde Oktavian å ikkje kalle seg noko som kunne minne om kongetittelen. Han kalla seg princeps (lat: den fremste). Seinare gav senatet han ærestittelen Augustus (lat: den opphøgde); det var keisar Augustus (Oktavian) som innleidde epoken vi kjenner som Pax Romana.

Augustus vart særs populær av di han klarte å skaffe seg sjølv so mykje personleg makt at han fekk pressa ned alle forsøk på opprør - og på den måten skapte fred (lat: pax). Folket dyrka han, og sidan han var stesonen til Julius Cæsar bar han sjølv etternamnet Cæsar. Etter han vart det vanleg at herskarane i Romarriket tok namnet Cæsar; noko som seinare har utvikla seg til tittelen keisar.

Religion og stat[endre | endre wikiteksten]

Utvida artikkel om kristendom i Romarriket

Ei veksande kristen undergruppe[endre | endre wikiteksten]

Romarriket hadde ein lang tradisjon for å vere open for dei fleste religiøse straumar. Etter at keisardømet hadde festa seg gjaldt det framleis - so lenge religionsutøvarane aksepterte at dei laut tilbe keisaren i tillegg til sine eigne gudar. Det gjekk hardt ut over jødane og dei kristne, av di deira religionar var monoteistiske og ikkje opna for dyrking av meir enn ein Gud.

Romarane trudde lenge at dei kristne var ei gruppe av jødane, men etter kvart vart dei merksame på at den vesle gruppa av kristne dreiv misjonsverksemd retta mot andre enn jødar. Det at dei nekta å tilbe keisaren, i tillegg til at dei (i motsetnad til jødane) var ei stadig veksande gruppe gjorde at fleire romerske leiingar var skeptiske til gruppa. Den skepsisen slo til tider ut i ganske brutale handlingar; t.d. keisar Nero, som er kjend for å sette fyr på kristne og la dei springe rundt til dei døydde; for å underhalde massene (det heile grunna i at han skulda dei kristne for å ha starta ein stor bybrann i Roma. I ettertid har Nero sjølv vorte skulda for å stå for bybrannen, derav namnet på CD-brennar-programvaren Nero Burning Rom).

Kristendomen vert statsreligion (392 e.vt.)[endre | endre wikiteksten]

I 325 e.vt. vart keisar Konstantin kristen då han vart råda av ein kristen mann å be til den kristne guden før eit slag. Han vann slaget og meinte då at det var den kristne Gud som hadde gjeve han sigeren. I 392 vart kristendomen statsreligion, og dei kristne gruppene i riket fekk makt til å forsøke å fordrive andre religiøse grupper. Den makta nytta dei godt til mellom anna å angripe jødane, som vart skulda for å ete kristne spedbarn til påskemåltidet (som dei kristne vart skulda for å ete spedbarn sjølve, i hundreåra før).

Ein ser òg at innføringa av kristendomen som statsreligion vart eit hardt slag for den hellenistiske (i hovudsak den greske) kulturen. Teater og idrettsleikar vart snart forbodne av di dei vart haldne til ære for heidenske gudar, homofili vart ei dødssynd (homofili var tidlegare særs utbreidd i heile det gresk/romerske kulturområdet) og kyrkja sette strenge reglar for all seksuell åtferd.

I Alexandria (kjend som hovudstaden i den hellenistiske verda) rømde dei fleste lærde etter at den kvinnelege matematikaren og filosofen Hypatia vart drepen av kristne grupper på 400-talet.

Delinga av Romarriket - Vest-riket går under[endre | endre wikiteksten]

Utvida artikel om undergangen til Vestromarriket

I år 395 e.vt. vart Romarriket delt i to, etter at keisar Konstantin hadde forsøkt å flytte hovudstaden frå Roma til Konstantinopel i 330 e.vt.

Vest-romarriket[endre | endre wikiteksten]

Utvida artikkel om Vest-romarriket

Folkevandringane[endre | endre wikiteksten]

Inflasjon[endre | endre wikiteksten]

Ruralisering[endre | endre wikiteksten]

Aust-romarriket[endre | endre wikiteksten]

Utvida artikkel om Bysants

Aust-romarriket, Bysants, gjekk klår av folkevandringane som reiv i stykker vest-riket, og var ein ståande maktfaktor i aust og vest fram til 1453.


Det romerske riket 133 f.Kr. (raudt); 44 f.Kr. (oransje); 14 e.Kr. (gult); og 117 e.Kr. (grønt)

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Romarriket
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.