Forleggaren James Johnson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
James Johnson
Fødd 1750
Ettrick Sjå dette på Wikidata
Død

26. februar 1811 (60 år)
Edinburgh Sjå dette på Wikidata

Yrke musikkforskar, kobberstikker, redaktør
Forleggaren James Johnson på Commons

James Johnson (175326. februar 1811) var ein skotsk gravør, forleggjar og noteseljar som er kjend for arbeidet sitt med songboka The Scots Musical Museum og med diktaren Robert Burns.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Johnson var fødd i Ettrick Valley som det tredje av dei fire barna til Bessie Bleck og gjetaren James Johnstan.[1]

Han kan ha fått opplæring som gravør av James Reed i Edinburgh, og byrja ei verksemd der. Han var ein produktiv gravør av musikk og laga platene for over halvparten av musikken som blei trykt i Skottland frå 1772 til 1790. Dei tidlege graveringane hans blei utført på koppar og inkludert Six Canzones for Two Voices (1772), A Collection of Favourite Scots Tunes … by the Late Mr Chs McLean and other Eminent Masters (ca. 1772) og Twenty Minuets (1773) av Daniel Dow.[2]

I 1786 blei han burgess (borgar) av Edinburgh.[3]

2. juli 1791 gifta han seg med Charlotte Grant, dotter av forfattaren Lauchlan Grant. Dei fekk ein son, James, som blei døypt 13. september 1792, men ikkje verke å ha levd opp til vaksen alder.[4]

Johnson opna musikkhandelen sin, Johnson & Co., i 1790 i Lawnmarket i Edinburgh (no Royal Mile). Etter at han døydde i 1811 blei verksemda fortsett av lærlingen hans, John Anderson, som Johnson & Anderson til 1815.[5]

Han døydde i Edinburgh 26. februar 1811. Det blei sett opp eit offentleg opprop om å støtta enkja hans i mars 1819.[6]

The Scots Musical Museum[endre | endre wikiteksten]

Johnson hadde ein plan om å gje ut eit band med ei samling av skotske, irske og engelske songar, då han møtte Robert Burns. Prosjektet endra seg etter møtet, med omfanget avgrensa til skotske songar, og talet på band blei auka til seks. Dei blei gjevne ut frå 1787 til 1803. Prosjektet blei ein stor suksess, men førte ikkje til stor økonomisk for Johnson.[7] Burns bidrog med 184 songar. Nokre av dei hadde han skrive sjølv, og omfatta fleire av dei best kjende tekstane hans, medan andre var avleidde frå gamle balladar. Burns skreiv innleiingar til nokre av banda, og var i røynda redaktør for verket. Johnson var den offisielle redaktøren, i tillegg til å stå for gravering, trykking og utgjeving. Han prøvde å bruka tinnplater for å skjera ned produksjonskostnaden.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Johnson, James (bap. 1753, d. 1811), engraver and publisher», Oxford Dictionary of National Biography (på engelsk), doi:10.1093/ref:odnb/9780198614128.001.0001/odnb-9780198614128-e-14890?rskey=nrmqp3&result=4, henta 21. mai 2023 
  2. Kidson, Frank; et al. (2001). «James Johnson». I Sadie, Stanley; Tyrrell, John. The New Grove Dictionary of Music and Musicians (2. utg.). London: Macmillan. 
  3.  Sidney Lee, red. (1892). «Johnson, James (d.1811)». Dictionary of National Biography 30. London: Smith, Elder & Co. 
  4.  Sidney Lee, red. (1892). «Johnson, James (d.1811)». Dictionary of National Biography 30. London: Smith, Elder & Co. 
  5. Kidson, Frank; et al. (2001). «James Johnson». I Sadie, Stanley; Tyrrell, John. The New Grove Dictionary of Music and Musicians (2. utg.). London: Macmillan. 
  6.  Sidney Lee, red. (1892). «Johnson, James (d.1811)». Dictionary of National Biography 30. London: Smith, Elder & Co. 
  7. Hunter, Richard Ian. «Johnson, James». Oxford Dictionary of National Biography (online utg.). Oxford University Press. 
  8.  Sidney Lee, red. (1892). «Johnson, James (d.1811)». Dictionary of National Biography 30. London: Smith, Elder & Co.