Synonym
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit synonym er eit ord som har same eller liknande tyding som eit anna ord.
Synonym er substantiv, verb, adverb eller adjektiv. Det er relativt sjeldan at to ord har eksakt lik tyding, difor blir ofte nyansane tatt fram i ordbøker og leksikon. Noen språkforskarar meiner at ingen synonym har nøyaktig lik tyding fordi dei har oppstått på ulik måte, har ulik klang, andre assosiasjonar, ulik formell samanheng - ein advokat vil bruke andre ord i eit juridisk dokument enn i daglegtale om same tema.
Ei ordbok med synonym blir kalla ei synonymordbok (sjå også tesaurus). Det motsette av eit synonym er eit antonym. Synonym og antonym er såleis antonym.
[endre] Eksempel
- Fort - rask - hurtig - snøgg
- Hus - bygning
- Kjekt - gøy
- Fleirtal
- Tre - skog
- Figurativt
- «Hollywood var synonymt med umoralskheit» (Doris Kearns Goodwin)