Fossheim Steinsenter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fossheim Steinsenter er ein butikk, verkstad og museum i Lom kommune.

Her vert det stilt ut og seld mineral, bergartar og smykke, særleg av norsk opphav. Senteret vart opna i 1978 av Torgeir T. Garmo og er den største private norske utstillinga av norske mineral og smykkesteinar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Fossheim_Steinsenter» av Inge Bryhni i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]