Bergart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fjellsida nær Orosí i Costa Rica.

Bergart er eit geologisk uttrykk som vert nytta til å klassifisere forskjellige typar stein på same måte som art vert nytta i biologien. Læra om bergartane vert kalla petrologi, som omfattar dei bergartdannande prosessane i og på overflata av jorda, men mest klassifiseringa av bergartane ut frå strukturen og kva for mineral dei er bygd opp av.

Bergarter er danna av mineral og material frå eldre forvitra bergarter, og er kjemisk samansett. Men òg kalkrike rester frå dyr (kalkstein og marmor) kan inngå i ein bergart. Det er måten bergarten er vorte danna på og samansetjinga av minerala som gjev bergartane forskjellige eigenskapar.

Det vert skild mellom tre hovudgrupper av bergarter, ut frå korleis dei har vorte danna.

Magmatiske bergartar[endre | endre wikiteksten]

  • Magmatiske bergartar er bergartar som har vorte danna ved at magma frå det indre av jorda har størkna. Dette kan skje på jordoverflata i samband med vulkanisme. Slike bergarter er størkna (avkjølt) hurtig og vert kalla dagbergartar. Dei som størknar på veg opp til overflata vert kalla gangbergartar. Bergartane kan òg dannast ved at magma størknar ned i jordskorpa. Som i kanalen til ein vulkan. Desse vert kalla djupbergartar.

Sedimentære bergartar[endre | endre wikiteksten]

  • Sedimentære bergartar er bergartar som har vorte danna ved avsetning (sedimentering) av mineral og gamle bergartsfragmentar. Dette skjer for det meste på botn av vatn (havbotn), men avsetninga kan òg ha skjedd ved vind.

Metamorfe bergartar[endre | endre wikiteksten]

  • Metamorfe bergartar er ei omdanna bergart. Omdanninga (metamorfosen) skjer når ein bergart (eller fleire) vert utsett for høgt trykk og temperatur, slik at han smeltar. Bergarten vil då bli omstrukturert og minerala vil verte heilt eller delvis omkrystallisert. Ein metamorf bergart er danna frå magmatiske- eller sedimentære bergarter, eller frå ei blanding av begge.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bergart

Kjelder[endre | endre wikiteksten]