Frænfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utsikt mot Frænfjorden frå Lågheia ved Elnesvågen

Frænfjorden er ein fjord i Fræna kommune i Romsdal. Fjorden strekkjer seg 12 km mot aust inn til Malmefjorden i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Hamneneset i nord og Vågøya i sør. Like aust for Hamnenest ligg bygda Tornes og litt lenger inne ligg Elnesvågen på nordsida som er administrasjonssenteret i kommunen. Sør for Elnesvågen ligg ei rekkje småøyar midt i fjorden. Desse er Ålvaren, Nordøya, Langøya, Forøya, Svinøya, Bøyna, Lamholmen og Kjerringholmen. Søraust for Bøyna ligg innløpet til Malmefjorden, som strekkjer seg inn til bygda med same namn.

På nordsida av fjorden går riksveg 663 ut til Elnesvågen, medan riksveg 664 held fram utover fjorden til Tornes.