Framtid for Finnmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Framtid for Finnmark var ei liste som stilte til val i Finnmark ved stortingsvalet i 1989. Frontfiguren var fylkesmannen i Finnmark, Anders Aune og lista vart òg kalla Aune-lista. Aune hadde sete på Stortinget før, for Arbeidarpartiet frå 1969 til 1973. Lista oppstod på grunn av stor misnøye i Finnmark med dei etablerte partia sin politikk for fylket. Ved valet vart lista nest størst i Finnmark, med 21,5 % av røystene i fylket, og Aune vart vald inn på Stortinget. Lista stilte ikkje igjen ved neste stortingsval.