Frederick Jackson Turner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frederick Jackson Turner, ca 1890

Frederick Jackson Turner, (14. november 186114. mars 1932) var ein US-amerikansk historikar. Han er best kjend for verket The Significance of the Frontier in American History (1893).

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Turner var fødd i Portage, Wisconsin. Han gjekk ut med eksamen frå University of Wisconsin-Madison i 1884. Seks år seinare avla han doktorgraden ved Johns Hopkins University med eit arbeid om pelshandelen i Wisconsin. I eigenskap av professor i historie ved University of Wisconsin (1892-1910) og Harvard University (1910-24) fekk han stort gjennomslag for sine teser om US-amerikansk historie. Hans vektleggjing på the frontier, grenselandet sine nybyggjarsamfunn og den der utvikla nybyggjarånda, som føresetnad for US-amerikansk tenkemåte, låg ofte til grunn i andre historikarar sine verk om ulike sider ved det US-amerikanske samfunnet.

Frontier-tesen[endre | endre wikiteksten]

Turner presenterte si frontier-tese 12. juli 1893 i ei førelesing for American Historical Association under verdsutstillinga i Chicago. Førelesinga The Significance of the Frontier in American History øvde større påverknad enn noko anna i heile den US-amerikanske historiografien. Resten av si levetid heldt Turner fram med å skrive og tale kring dette temaet, men alt vesentleg i hans oppfatning fanst allereie i den opphavlege førelesinga.

Her hevda han at ånda i USA så vel som suksessen kan knytast direkte til landets ekspansjon vestover. I følgje Turner oppstod den unike identiteten i kryssingspunktet mellom det siviliserande i nybyggjarsamfunnet og råskapen i villmarkslivet. Det oppstod der ein ny type borgar. Ein med makt til å temje villmarka, ein som villmarka utstyrte med kraft og individualitet.

Eigenarten i dei US-amerikanske institusjonane kjem, seier Turner, av omstende som har tvinga fram tilpassingar gjennom dei endringar eit folk som har kryssa eit heilt kontinent, og heile tida har måtte tilpasse seg eit tilvære frå det enkle i villmarka til det kompliserte i storbylivet. USA vart ein ny og demokratisk nasjon, for "i grenseområdas smeltedigel vart immigrantane amerikanisert, frigjorde og samansmelta til ei blandingsrase, som korkje i nasjonalitet eller eigenskapar var engelsk". Individualismen i grenseområda har frå første stund vore fremjande for demokratiet. Han hevda vidare at framveksten av nasjonsmedvitet og utviklinga av dei US-amerikanske politiske institusjonane var betinga av at grensa vart skoten framover. Dei viktigaste politiske stridsspørsmåla oppstod gjennom grensas (the frontier) stadige forflytting vestover.

Kritikk[endre | endre wikiteksten]

Turners tese var smigrande for US-amerikanarane si sjølvkjensle. Ho passa samstundes godt i hop med samtidas tenking prega av darwinismen og miljøteori. Reaksjonen kom på 1930-talet, då Turners generaliseringar vart kritisert frå fleire vitskaplege leirar. Den rådande økonomiske depresjonen opna for tolkingar som tok utgangspunkt i at grenseområda for lengst var folkesette, og at USA si løfterike framtid syntest forsvunnen.

Under og etter 2. verdskrigen vart frontier-tesa med sine isolasjonistiske drag enno mindre attraktiv for US-amerikanske historikarar. Til dette kom at dei yngre historikarane i større grad kom frå storbyane, mot tidlegare frå bondemiljø, og hadde ikkje like lett for å knyte fri åkerjord saman med den demokratiske utviklinga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Engelsk og svensk wikipedia