Historikar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Surinamske Cynthia Mc Leod (til høgre) formidlar historie både som historikar og historisk forfattar.
Historikaren Leopold Ranke er rekna som ein av grunnleggjarane for historie som vitskap.

Ein historikar er ein som studerer og formidlar historie. Ein historikar prøver å sjå samanhengar mellom hendingar og samfunn i fortida. Han skil seg gjerne frå ein krønikeskrivar, som berre samlar og skriv ned hendingar, ved at han vurderer og tolkar stoffet. I dag har ein historikar gjerne høgare utdanning i historisk metode, men ein kan også verka som amatørhistorikar.

Historikarar blei opphavleg sett på som ein slags forfattarar som gav att historier eller soger frå fortida. I gammal gresk kultur hadde dei si eiga muse, Kleio. Først på 1800-talet endra synet seg, då ein under påtrykk frå mellom anna den tyske historikaren Leopold Ranke tok til å nytta grundigare kjeldekritikk og prøvde å forstå heile samfunn og samanhengar.

I dag blir historikarar gjerne rekna som vitskapsfolk, og det blir venta at dei skal prøva å gje eit sannferdig og rimeleg objektivt bilete av fortida. Samstundes blir framstillinga gjerne farga av eit visst historiesyn, til dømes ei tru på framsteg eller Guds styrande hand, eller tolkingar inspirerte av feminisme eller historisk materialisme.

Ein historikar kan interessera seg for eitt felt, som kan vera tidsavgrensa (til dømes til mellomalderen eller nittenhundretalet), stadsavgrensa (til dømes til lokalsamfunnet eller landet hans) og/eller konsentrert om eit emne (som undertrykte grupper eller kultur), men kan også ta for seg fleire ulike felt, eller prøva å samanfatta store periodar og tidsrom, endåtil heile verdshistoria. Det er stadig eit ideal å kunna fortelja historia slik ho blir forståeleg for andre, slik at forfattardelen av yrket framleis ikkje er heilt teken vekk.

Kjende historikarar[endre | endre wikiteksten]

Antikkens Hellas[endre | endre wikiteksten]

Romarriket[endre | endre wikiteksten]

Keisarlege Kina[endre | endre wikiteksten]

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Den muslimske verda[endre | endre wikiteksten]

Renessansen[endre | endre wikiteksten]

Moderne tid[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Historikar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]