Frikativ

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein frikativ er ein konsonant som er kjenneteikna ved at lufta blir hindra når ho kjem ut via taleorgana, men ikkje hindra så mykje at ho blir stoppa. Frikativar i norsk er labiodentalen /f/, laminalalveolarenen /s/ og dorsal-palatalen /ç/.

Stemde frikativar er ikkje vanlege i norsk. Engelsk har labiodentalen /v/, laminal-dentalen /ð/, laminal-alveolaren /z/ og laminal-postalveolaren /ʒ/, medan den norske "v-lyden" oftast blir uttala som approksimanten /ʋ/.

Frikativar og plosivar blir med ei felles nemning kalla obstruentar.

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.