I 1930-åra hadde Høyanger kommune berre lokale grendevegar på sørsida av Sognefjorden. Etter at kommunane Kyrkjebø og Lavik var slått saman til Høyanger kommune 1963 fekk innbyggjarane i den tidlegare Lavik kommune ein mykje lengre veg til kommunesenteret enn før. Derfor blei det vedteke å byggja veg frå Ikjefjord til Svartemyr, med ferje vidare til Nordeide, saman med ein gjennomgåande veg for grendene i Høyanger sør for Sognefjorden.[2]
Etter ein del diskusjonar om kvar vegen skulle gå blei han bygd ut i etappar. I 1970 blei 3,9 km gammal veg mellom Bjordal og Leirnes oppgradert, traseen Hest–Bjordal blei seinare del av Fv92. 1972 blei 3,5 km mellom Leirnes og Svartemyr teke i bruk saman med ferjesambandet. I 1972 var vegen Vamråk–Mjølvik teken i bruk, i 1976 Bjordal–Søreide og 1980 Mjølsvik–Ortnevik. Ferjesambandet mellom Ortnevik og Nordeide opna i 1983 Det siste stykket, mellom Søreide og Vamråk blei teke i bruk 1985.[2]