Høyanger kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 61°13′N 6°4′E

Høyanger kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1416
Fylke Sogn og Fjordane
Adm.senter Høyanger
Areal 907 km²
Folkemengd 4 216 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2011-) Petter Sortland (Ap)
Målform Nynorsk
Nettstad www.hoyanger.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1416.svg
Høyanger kommune på Commons

Høyanger er ein kommune i Sogn og Fjordane fylke.

Innhaldsliste

Venskapsbyar [endre]

Tettstader [endre]

Kommunesoge [endre]

Høyanger kommune vart oppretta 1. januar 1964 ved at kommunane Lavik og Kyrkjebø vart slegne saman. I tillegg vart garden Nybø og bruket Nygjerdet overførde til Høyanger frå Vik kommune.[2] I grove trekk fekk Høyanger kommune same grensene som det Lavik (Ladevig) formannskapsdistrikt hadde då det vart oppretta i 1837, men Bø sokn, som høyrde til Lavik i 1837, høyrer no til Hyllestad kommune, og området lengst vest på sørsida av fjorden, frå og med Ytre Tredalen og til Åkre, som hadde høyrd til Evenvik formannskapsdistrikt (Gulen kommune) i 1837, kom med i Høyanger kommune i 1964.[3]

Folketalsutvikling [endre]

Folketalsutvikling for noverande Høyanger kommune frå 1920:

1.12.1920[4] 1.12.1930[5] 3.12.1946[5] 1.1.1951[6][7] 1.1.1961[6][7] 1.1.1971[6] 1.1.1981[6] 1.1.1991[6] 1.1.2001[6] 1.1.2010[6]
3630a 5048a 5844a 5666a 5512a 5404 5033 4835 4653 4256
a Talet omfattar ikkje området rundt garden Nybø og bruket Nygjerdet, som var del av Vik kommune fram til det vart overført til Høyanger kommune ved kommunesamanslåinga i 1964. Dette området hadde då ingen innbyggjarar.

Høyanger sokn [endre]

Høyanger er eit kyrkjesokn i Ytre Sogn prosti. Soknet vart oppretta 1. januar 1997, fram til då hadde området høyrd til Kyrkjebø sokn.[8] Soknet har ei kyrkje, Høyanger kyrkje som er frå 1960 og står i kommunesenteret Høyanger. Før kyrkja vart bygd vart fyrst klasserom på skulen, og sidan bedehuset, brukt som interimkyrkje.[9]

Kjende personar frå Høyanger [endre]

Kjelder [endre]

Fotnotar [endre]

Bakgrunnsstoff [endre]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Sogn og Fjordane å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.