Fylkesveg 804

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fylkesveg 804
804
Strekning
Hattfjelldal sentrum – Ivarrud
Fylkesveg 804
Informasjon
Lengd 21,7 km
Status fylkesveg
Sjå òg fylkesveg 804 (fleirtyding)

Fylkesveg 804 (Fv804) går mellom Hattfjelldal sentrum og Ivarrud i Hattfjelldal kommune. Vegen er 21,7 km lang.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Minnestein over opnings-seremonien den 19. oktober 2002
Minneplaten for opnings-seremonien

Vegen mellom Hattfjelldal og Unkerelv bru vart bygd mellom 1910 og 1913. Unkerelv bru var bygd 1901-02 og erstatta av ny bru i 1966. Fram til Ivarrud stod vegen ferdig i 1920.[1]

Sommaren 2002 vart vegen kraftig utbetra, forkorta frå 23 km[2] til 21,7 km og asfaltert.

Vegarbeidet vart avslutta i september 2002. Utbetringa vart markert ved ein seremoni den 19. oktober 2002 med vegsjefen for Nordland, Arne Løvmo, fylkesråd Alf Ivar Samuelsen, ordføraren i Hattfjelldal og to tidlegare ordførarar var med, saman med norske og svenske skuleelevar.

Før 1. januar 2010 var vegen riksveg. Etter at forvaltingsreforma trod i kraft har han status som fylkesveg.

Kommunar og knutepunkt[endre | endre wikiteksten]

Nordland [endre | endre wikiteksten]

Hattfjelldal kommune

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Erling Svanberg: Langs veg og lei i Nordland - Samferdsel gjennom 3000 år. Nordland fylkeskommune, Bodø 1990. ISBN 82-7416-021-5
  2. Noregs Automobilforbund: NAF veibok 98, Aktietrykkeriet i Oslo (trykk), Lundeby & Co. (innbinding), november 1997

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]