Hattfjelldal kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hattfjelldal kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1826
Fylke Nordland
Adm.senter Hattfjelldal
Areal 2 682 km²
Folkemengd 1 471 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2011-2015) Asgeir Kåre Almås (Ap)
Målform Nøytral
Nettstad www.hattfjelldal.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1826.svg
Hattfjelldal kommune på Commons

Hattfjelldal er ein kommune på Helgeland i Nordland fylke.

Han grenser mot Hemnes i nord, Grane og Vefsn i vest, og mot Røyrvik kommune i Nord-Trøndelag i sør. I aust ligg Sverige (kommunane Storuman og Vilhelmina i Västerbottens län).

Administrasjonssentrum i kommunen er Hattfjelldal, som har 613 innbyggjarar (2012). Her ligg også Sameskolen, som gjev opplæring i sørsamisk. Skogbruk og landbruk er dei viktigaste næringsvegane i kommunen. Den største industribedrifta er sponplatefabrikken Arbor. Kommunen har riksvegssamband til Sverige og til Trofors.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Store delar av kommunen består av skog- og fjellområde. Kommunen har fått namn etter fjellet «Hatten». Størsteparten av det nest største vatnet i Noreg, Røssvatnet, ligg i kommunen. Andre innsjøar er Krutvatnet, Elsvatnet og Daningen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hattfjelldal kommune

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.