Fytokarst
Fytokarst er uregelmessige forvitringsgroper i kalkstein, danna ved intensivert korrosjon i kontakt med planter. Både karplanter og lågare vekstformer som mosar og algar kan skilje ut syrer som virkar nedbrytande på berggrunnen. Nesten alle kalksteinsoverflater som er eksponert på jordoverflata vil ha eit mikroskopisk yttersjikt av fytokarst. Dei mest uttalte fytokarstformene finst likevel i grotteinngangar der dagslyset slepp til.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Fytokarst. (2009, 14. februar). I Store norske leksikon. Henta 17. november 2013 frå http://snl.no/fytokarst.