Grotte
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elvegrotte i Artlish på Vancouver-øya i Canada.
Grotter eller holer er naturlege holrom i berg eller fjell under jordoverflata. For at eit holrom skal gå under definisjon grotte, må djupna på holrommet vere større enn det dobbelte av tverrmålet på lysopninga. Holrommet må strekke seg langt innanfor område med dagslys, i anna fall blir holrommet kalla ein heller.
Danning [endre]
Grotter blir danna frå grunnvatn som flyt igjennom bergmassen, spesielt oppløyselege bergartar som kalkstein og marmor. Dette blir kalla forvitring eller erosjon. Grotter kan delast inn i nokon hovudtypar:
- Karsthole
- Brenningshole
- Tektoniske grotter
- Lavagrotter
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Grotte» frå Wikipedia på bokmål, den 12. mars 2013.