Gåsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Gåsfjorden er ein fjord på vestsida av Sortlandsundet i Sortland kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 2,5 km vestover til Vollen i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom garden Nevernes i nord og Fagernesskjeret i sør. Ein anna gard ved fjorden er Gåsbøl på nordsida, elles er det få busetnader ved fjorden.

Fv956 går langs begge sider av fjorden.