Gabriel Fahrenheit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fahrenheit's birthplace

Daniel Gabriel Fahrenheit, eller Gabriel Daniel Fahrenheit (fødd 24. mai 1686 i Danzig, død 16. september 1736 i Haag) var ein tysk fysikar og instrumentmakar. Temperatureininga Fahrenheit (F) er oppkalla etter han. Eininga var lenge i bruk i Tyskland, og vert framleis nytta USA.

Han var busett i Nederland der han arbeidde som glasblåsar. Han vidareutvikla kvikksølvtermometeret slik at det i 1714fekk den forma som sidan er blitt vanleg for væsketermometer. Han vidareførte arbeida til danske Ole Rømer med å skape ein temperaturskala som var basert på fikspunkt. Han påviste at kokepunktet til vatn var avhengig av trykket i omgjevnadane og fann opp hypsometeret, der denne eigenskapen vert nytta for høgdemåling.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Grigull, Ulrich (1987): Daniel Gabriel Fahrenheit: Leben und Werk; C.H. Beck Verlag; ISBN 3-7696-4721-1

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]