Gdańsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gdańsk
Gamlebyen
Gamlebyen
Flagget til Gdańsk Byvåpenet til Gdańsk
Flagget til Gdańsk Byvåpenet til Gdańsk
Motto
«Nec temere, nec timide»
(Verken tankeløyse eller otte)
Plassering
Gdańsk is located in Polen
Styresmakter
Land
Voivodskap
Flag of Poland.svg Polen
Pommerske voivodskap
Grunnlagd
Byrettar
900-talet
1263
Borgarmeister Paweł Adamowicz
Geografi
Flatevidd
 - By

262 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik
 - Storbyområde

457 630
  1746/km²
1 080 700
Koordinatar 54°22′0″N 18°38′0″EKoordinatar: 54°22′0″N 18°38′0″E
Diverse annan informasjon
Postnummer 80-008 til 80-958
Telefon-retningsnummer +48 58
Bilnummer GD
Nettstad: www.gdansk.pl


Gdańsk (uttale  tysk Danzig, kasjubisk Gduńsk, latinsk Gedania, Dantiscum) er ein by i sentrum av det fjerde største storbyområdet i Polen. Han er den største hamnebyen i Polen og hovudstaden i Pommerske voivodskap, samt historisk den største byen i området Kasjubia.

Byen ligg heilt sør i Gdańskbukta (ved Austersjøen) i eit byområde i lag med kurbyen Sopot, byen Gdynia og fleire forstader, som tilsaman dannar eit storbyområde kalla Trippelbyen (Trójmiasto) med eit folketal på over 800 000.[1] Sjølve Gdańsk har om lag 460 000 innbyggjarar og er den største byen i regionen Pommern i Nord-Polen.

Gdańsk ligg ved munningen til elva Motława, og er knytt til Leniwka, ei grein av deltaet til den nærliggande elva Wisła, som drenerer om lag 60 % av heile Polen, og dannar ein vassveg frå Gdańsk til hovudstaden Warszawa. Dette gjev byen ein unik fordel som senter for polsk sjøhandel. I lag med den nærliggande hamnebyen Gdynia er Gdańsk òg eit viktig industrisenter. Historisk er byen ei viktig hamn og eit senter for skipsindustri, og var eit medlem av Hansaen.

Byen var fødestad for solidaritetsrørsla leia av den politiske aktiviteten frå Gdańsk, Lech Wałęsa, som spelte ei stor rolle i å få ein slutt på kommuniststyret i Sentral-Europa. Han er òg heimbyen til statsminister Donald Tusk, som er av kasjubisk opphav.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gjennom historia er Gdansk/Danzig vorte styrt av eller innlemma i forskjellige statar (før 1945):

Namnet vert for første gong nemnd i 999 hos benediktinarane Jan Kanaparius som «Gyddanyzc urbs». Namnet «Gyddanyzc» kjem av det gammalslaviske Gdaniesk (Gdansk), og i begge formene finn ein forstavinga gd, som er knytt til «fukt» eller «det våte».

Den germaniserte forma Danzig har gjennom tidene vorte transformert og deformert frå det opphavlege polske Gdansk. Historisk er namnet vorte skrive på fleire forskjellige måtar - Kdanzc (1148), Gdanzc (1188), Gdansk (1236), Danzk (1263), Danczk (1311, 1399, 1410, 1414-1438), Danczik (1399, 1410, 1414), Danczig (1414), Gdansk (1454, 1468, 1484), Gdansk (1590), Gdansk (1636), Dantzigk (1645). I latinske dokument finn ein namna Gedanum og Dantiscum.

Tidleg historie[endre | endre wikiteksten]

Seglet til Swietopelk.
Seglet til Msciwoj II.

Byen var på [[90talet hovudsete for dei pommerske hertugane. Gdansk vart offisielt grunnlagd i 997 av Mieszko I. I 1013 mista Polen innflytinga si over Pommerellen (Gdansk-Pommern), men byen vart gjeninnlemma i kongeriket i 1047 av Kasimir I Fornyaren. I 1120, etter sigeren i krigen med pommeranarane, vart heile Pommerellen innlemma i Polen av Boleslaw III den skeivmunna. I 1219 overtok Swietopelk styret over Pommerellen, og området byrja sakte å verte meir og meir sjølvstendig frå Polen. Den opphavlege slaviske folkesetnaden vart blanda med stadig nye tyske kjøpmenn og handverkarar som kom vestfrå, først og fremst frå hansabyane Lübeck og Elbing, og med tida vart byen i stor grad germanisert.

Under Swietopelk II fekk byen Lübeck-rettar under namnet Gdansk rundt 1227. På initiativet hans kom det same år til byen dominikanarar frå Kraków, for å styrke den enno vaklande kristendommen i riket hans. I 1261-1263 fekk Gdansk sine byrettar (av Lübeck-rettane). På den tida vart byen dessutan viktig som kjøpmanns-, handels- og hamneby i Austersjøområdet. I 1271 vart Gdansk okkupert av brandenburgarar, men med hjelp av Boleslaw Pobozny klarte Msciwoj II av Pommern å vinne tilbake Gdansk, og overlet i 1282 makta over Pommerellen til hertug Przemysl av Stor-Polen (seinare konge over Polen som Przemyslaw II). Etter han døydde i 1296 vart byen styrt av Boleslaw II og Boleslaw III, som var kongar over Bøhmen og Polen.

Under Den tyske riddarordenen[endre | endre wikiteksten]

Etter Boleslaw III døydde vart byen på ny omleira av brandenburgarar i 1308, og dommar Bogusza i byen (etter Wladyslaw Lokietek sine ordre) bad Den tyske riddarorden om hjelp. Etter at krossfararane sigra over brandenburgarane, forrådde dei derimot den rettmessige herskaren av Gdansk, Lokietek, overtok og øydela byen, og drap ein del av innbyggjarane (den såkalla «Gdansk-pogromen»). Krossfararane gjekk òg til åtak på kolonien til byen av tyske handverkarar og kjøpmenn, som utgjorde konkurranse for Riddarordenen sin eigen by Elbing (Elblag).

Det vart send ein klage til pave Klemens V, og 1320-1321 oppretta pave Johannes XXII en domstol, som avgjorde at Pommerellen med Gdansk skulle tilbake til Polen. Den tyske riddarorden ignorerte derimot dommen, og tapet av Pommerellen utløyste ein serie av konfliktar mellom Polen og krossfararane, som enda i freden i Kalisz i 1343. Kasimir III den store avstod då Pommerellen (med Gdansk) til Den tyske riddarorden, som i sin tur avgav Kujawy-området og Dobrzyn-landet. Dessutan heldt den polske kongen tittelen «Hertug over Pommerellen», noko som kunne utgjere grunnlaget til framtidige erstatningskrav.

Under Den tyske riddarordenen sitt styre vart byen med tida kjend under det germaniserte namnet Danzig. I byrjinga stagnerte utviklinga av byen, då dei nye herskarane ønska å gjere byen mindre økonomisk viktig. Med tida måtte Den tyske riddarordenen derimot akseptere Danzig som den største og viktigaste hamnebyen i området etter Elbing. Byen vart fullverdig medlem av Hansaen i 1361 (og fram til 1669), men handelsmennene frå Danzig vart tatt i frå alle politiske rettar, og fekk berre handle langs Wisła i Polen. I 1361, 1378, 1411 og 1416 gjorde innbyggjarane i Danzig opprør som vart blodig slått ned av Den tyske riddarorden.

Under Polen og fram til første verdskrig[endre | endre wikiteksten]

Danzig på 1700-talet

Den tyske riddarordenen sin aggressive politikk mot Polen og Litauen førte til opprettinga av Det polsk-litauiske samveldet i 1386. Krigen med ordenen braut ut på ny i 1409 då krossfararane gjekk til åtak på polske landområde. Etter Den tyske riddarordenen sitt nederlag ved Tannenberg i 1410 utnemnde byrådet i Danzig Vladislav II Jagello til sin nye herskar, men den polske kongen oppheva dette løftet i 1411 som følgje av freden med ordenen i Thorn (Torun).

I 1440 danna Danzig saman med dei nærliggande hansabyane Elbing og Thorn Det prøyssiske forbundet, som i 1454 gjorde opprør mot Den tyske ordenen sitt styre og søkte vern under den polske kongen Kasimir IV Jagielloneren. Same år vart Pommerellen og Danzig gjeninnlemma i Det polske kongeriket. Den etterfølgjande trettenårskrigen (1454-1466) enda med nederlag for Den tyske riddarordenen og overgjeving til den polske krona (den andre freden i Thorn 1466). Byen fekk tildelt omfattande privilegium, eit grunnlag for ei blømande utvikling, av Kasimir IV Jagielloneren, som takk for den økonomiske og politiske støtta i trettenårskrigen. På grunn av privilegiane og tilkomsten til det polske marked, utvikla Danzig seg til å verte ein stor og velståande by, med mange og nære kontaktar med dei viktigaste handels-, finans- og økonomisentra i heile Europa.

I stordomstida si på 1500- og 1600-talet var Danzig den største byen i Det polsk-litauiske samveldet med nærare 80 000 innbyggjarar, og var over ti gonger så stor som Berlin den gong var, og mykje større enn Hamburg. Under reformasjonen gjekk tyskarane i byen over til lutheranismen, og katolisismen vart ein minoritetsreligion. Den polske kongen Stefan Báthory sikra innbyggjarane i Danzig religionsfridom. Gullalderen til byen vert vanlegvis rekna som perioden 1580-1650, då kunsten, kulturen og vitskapen utvikla seg kraftig. Her virka mellom anna 3150 kunstnarar og over 20 000 handverkarar, som skapte dei fremste verka i Polen og Europa. Ved siden av dei mange tyskarane i byen, medverka òg andre etniske grupper (polakkar, jødar og nederlendarar) til den rike kulturen i Danzig i denne perioden.

Danzig støtta Polen i mange samanhengar, mellom anna i den første polsk-svenske krigen (1625-1629), då han ikkje slapp inn svenskane gjennom murane sine. I den andre polsk-svenske krigen (1655-1660) var Danzig den einaste byen ved sidan av Zamosc og Jasna Góra i Czestochowa som ikkje overgav seg til svenskane.

I 1734 vart byen omleira av russiske og saksiske troppar. Han møtte vanskelege tider under delingane av Polen, då han i 1793 vart annektert av kongedømet Preussen, trass i at den tyske folkesetnaden ønskte å få vere sjølvstendige. Handelen og økonomien stagnerte fullstendig då byen ikkje fekk halde privilegiane dei tidlegare hadde fått av dei polske kongane. Byen var ein del av Preussen fram til 1919, med eit kort avbrot under Napoleonskrigane (då Napoleon Bonaparte danna fristaden Danzig (1807-1814), og igjen frå 1878 var Danzig hovudstad i provinsen Vest-Preussen, til stor misnøye hos innbyggjarane i byen.

På 1800- og 1900-talet var byen, trass i den store tyske folkesetnaden, eit sterkt polsk sentrum, med mange polske organisasjonar i verksemd. Styrkeforholdet mellom den tyske og polske folkesetnaden er derimot omstridd. Ifølge den polske historikaren Drzycimski utgjorde polakkar 16 % av innbyggjartalet i 1914. Ei folketeljing frå 1923 viste derimot at av totalt 348 000 innbyggjarar rekna 95 % seg som tyskarar og 3 % som polakkar. Om lag 97 % hadde tysk som morsmål.

Mellomkrigsåra[endre | endre wikiteksten]

Utsikt over byen 1900

Etter Versailles-traktaten 18. januar 1919 vart Danzig med tilhøyrande område ein fristad under vern av Folkeforbundet, men utanrikspolitisk underlagt Polen. I mellomkrigsåra hadde fristaden Danzig vore ei stadig kjelde til strid, delvis av tollteknisk natur. Danzig var tilslutta Polen sitt tollområde, men hadde eit eige tollvesen som stod under polsk overvaking. Denne noko kompliserte styringsstrukturen førte til at det oppstod 70 konfliktar av juridisk og politisk natur mellom Polen og fristaden Danzig. Konfliktane vart ofte løyste på det internasjonale planet, og var med på å svekke det tysk-polske forholdet.

Etter at Adolf Hitler kom til makta i Tyskland i 1933, blussa det opp antipolske stemningar i Danzig på nazistane sitt initiativ, i takt med byen sin påfølgjande nazifisering. I 1933 fekk det tyske nazipartiet 38 % av stemmene i Danzig sin Volkstag. Polakkane i byen (i første rekke polske tenestemenn) og polske organisasjonar vart forfølgde, og «Zurück zum Reich» ('Tilbake til riket') vart det dominerande slagordet brukt i propagandaen av dei tyske innbyggjarane. Størsteparten av innbyggjarane ønskte Danzig tilbake til Tyskland.

Då trakasseringa ikkje gav seg mot polske tenestemenn, innførte Polen økonomiske represaliar mot Danzig. Den 1. august 1939 vart den store margarineksporten frå Danzig stogga. I ein skarp note frå Berlin den 9. august 1939 stod det:

«Dersom Polen held fram å nytte økonomiske represaliar mot fristaden Danzig, må denne naturlegvis sjå seg om etter andre høve for eksport og import».

Den polske svarnoten 10. august vart også skarp.

«Det er med den største forundring vi har mottatt den tyske meldinga, som vi ikkje kan sjå noko grunn for. Regjeringa vil i framtida rekne liknande intervensjonar som aggressive handlingar.»

Den polske utanriksministeren Józef Beck avviste Hitler sitt krav om «ein korridor gjennom korridoren», og dette vart eit av utgangspunkta for krigsutbrotet i 1939.

Under andre verdskrig[endre | endre wikiteksten]

Det Polske Posthuset

Under krigen vart Danzig annektert av Tyskland, og fungerte som hovudstad i provinsen Danzig-Westpreussen.

Eit av dei første krigslovbrota til dei tyske nazistane var drapet på 39 polske postmenn som forsvarte Det polske posthuset i Danzig. Ein av dei første kampane i krigen utspelte seg òg i Danzig, då det tyske slagskipet «Schleswig-Holstein» opna eld mot den polske enklaven Westerplatte, som polske soldatar klarte å forsvare i nesten sju dagar.

Etter at Tyskland annekterte Danzig byrja brutale represaliar mot dei polske innbyggjarane. Polakkar vart anten arresterte, drivne bort eller myrda, der massemordet på den polske og kasjubiske intelligensiaen i skogane ved Piasnica (rundt 14 000 offer) er eit stygt døme. Ein stor del av den polske folkesetnaden vart dessutan send til dei nærliggande konsentrasjonsleirane eller til tvangsarbeid. Alt sidan 1936 hadde det tyske tryggingspolitiet observert dei polske miljøa i byen, og samla inn informasjon som i 1939 vart brukt til å utforme ei liste over polakkar som skulle arresterast eller avrettast i Operasjon Tannenberg.

Mesteparten av den jødiske folkesetnaden i byen, som i 1939 utgjorde 9&nbspM000 innbyggjarar, klarte å emigrere før represjonane byrja, men om lag 1000 av jødane i Danzig vart fanga og mista livet i tyske konsentrasjonsleirar.

Mot slutten av krigen i 1945 byrja Tyskland å evakuere den tyske folkesetnaden frå Danzig. Mesteparten av innbyggjarane klarte å rømme frå byen (hovudsakleg til Schleswig-Holstein). Same år vart byen etter ordre frå Hitler utropt til festningsby (Festung Danzig) i ein freistnad på å stanse dei sovjetiske styrkane. Etter fire dagar med blodige og intensive kampar var byen i stor grad øydelagd, og mange menneske omkom. Under og etter den sovjetiske erobringa vart det historiske sentrumet i byen (90 %) så å seie jamna med jorda, og av 12 600 byggverk i heile byen vart 60 % totalt øydelagde.

Etter andre verdskrig[endre | endre wikiteksten]

Etter krigen vart byen som følgje av Potsdamkonferansen innlemma i Polen, og namnet på byen vart endra til det opphavlege polske «Gdansk». Alle tyske gate- og stadnamn vart endra, med eitt unntak; Westerplatte, staden der dei første kampane i andre verdskrigen starta. Byen vart folkesett med polakkar som hadde vorte drivne bort eller sende til konsentrasjonsleirar av dei tyske nazistane, og dessutan frå områda i aust annekterte av Sovjetunionen. Den gjenverande tyske folkesetnaden vart fråteken all fast eigedom og deportert eller utvist. Rundt 1950 vart den tyske eksilfolkesetnaden estimert til om lag 285 000. Som eit ledd i austpolitikken sin gjekk Vest-Tyskland med kanslar Willy Brandt i 1970 bort frå dei vesttyske territorialkrava på byen (Warszawatraktaten).

Nesten heile Gamlebyen vart gjenoppbygd og rekonstruert i perioden 1950-1960, og framstår i dag langt på veg slik han gjorde før krigen.

I nyare tid er byen Gdansk særleg kjend som staden der fagrørsla Solidaritet vart grunnlagt i 1980. Det var òg her Lech Walesa arbeidde på skipsverft som elektrikar før han vart hovudmannen bak det polske Solidaritetsopprøret. Desse hendingane vart ålment rekna som byrjinga på slutten til det kommunistiske systemet i Aust-Europa.

Personar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]