Galenstock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 46°36′43″N 8°25′01″E
Galenstock
fjell
none  Galenstock frå søraust
Galenstock frå søraust
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Kanton Uri, Valais
Fjellkjede Urner-Alpane
høgd 3 586 moh
skardhøgd 252 m ↓  mot Dammastock
koordinatar 46°36′43″N 8°25′01″E
Lettast tilkomst frå Hotel Belvédère over Rhonebreen
Førstestiging av Eduard Desor Sr.
 - dato 18. august 1845
Switzerland location map.svg
Locator Red.svg

Galenstock er eit 3 586 m høgt fjell i Uri-Alpane i Sveits. Fjellet er det fjerde høgste i Uri-Alpane. Grensa mellom kantonane Uri og Valais går over fjelltoppen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Galenstock ligg i den sørlege delen av Uri-Alpane, nord for Furkapasset. Fjellet ligg omgjeve av Rhonebreen (i vest), Sidelengletscher (i søraust) og Tiefengletscher (i nordvest). I nord ligg fjellrekka Tiefenstock, Rhonestock og Dammastock.

Fyrsteklatring[endre | endre wikiteksten]

Galenstock vart klive fyrste gongen den 18. august 1845 av Eduard Desor, Daniel Dollfuss (far), Daniel Dollfuss (son), leia av dei lokale fjellførarane H. Währen, M. Bannholzer, P. Brigger og H. Jaun.

Ruter[endre | endre wikiteksten]

Lettaste ruta går frå Hotel Belvédère over Rhonegletscher og så vestsida av Galensattel (3 113 moh). Derifrå går turen vidare over snøbre, seinare årsgammal is, til topps.

Normalruta frå vest går forbi Albert-Heim Hütte (2 543 moh), over Tiefengletscher opp på nordegga og vidare lett klatring til fjelltoppen.

Begge rutene kan gjennomførast som skiturar om vinteren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]