Gamkonora

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gamkonora
vulkan
Land  Indonesia
Kart
Gamkonora
1°23′N 127°32′E / 1.38°N 127.53°E / 1.38; 127.53
Wikimedia Commons: Mount Gamkonora

Gamkonora er ein stratovulkan på øya Halmahera i Indonesia. Med sine 1 560 meter over havet er vulkanen den høgste fjelltoppen på øya. Vulkanen har laga ei rekke med krater langs ein nord-sør-gåande sprekk i jordskorpa. Største utbrotet fann stad i 1673 og vart fylgt av ein tsunami som fløymde over dei nærliggjande landsbyane.

Mellom 1564 og 1989 hadde vulkanen tolv utbrot. Siste utbrotet til Gamkonora hende 10. juli 2007. Meir enn 8 000 menneske i nærleiken av vulkanen skal då ha flykta frå heimane sine.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]