Halmahera

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Halmahera i Indonesia
Topografisk kart over Halmahera

Halmahera, også Jilolo eller Gilolo, er den største øya i øygruppa Molukkane. Halmahera har ei flatevidd på 17 780 km² og hadde i 1995 eit folketal på 162 728. Om lag 80% av innbyggarane er muslimar og ei 20% er kristne. Øya utgjer ein del av provinsen Maluku Utara i staten Indonesia.

Natur[endre | endre wikiteksten]

Øya er dekt av tropiske skogar.

Gamkonora er det høgste fjellet på Halmahera. Det er ein 1 635 moh høg, aktiv stratovulkan. Han hadde sitt siste utbrot 10. juli 2007. Dukonu er ein annan aktiv vulkan, på nordspissen av øya.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Øya er busett av ulike malayiske folk og alfurar. Lagnaden til menneska på den tynt folkesette Halmahera har i hundrevis av år vore nært knytt til sultanata som hadde tilhald på dei mindre øyane Ternate og Tidore. Desse øyane, som ligg ved vestkysten av Halmahera, var begge sete for større sultanat i epoken før Det nederlandske austindiakompaniet koloniserte heile det indonesiske arkipelaget.

Under andre verdskrigen bygde og dreiv Japan ein militærbase i Kaobukta på Halmahera.

I 1999 og 2000 låg kristne og muslimar i blodig konflikt. Striden begynte som ei rein etnisk usemje mellom innbyggarar frå det hovudsakleg kristne distriktet Kao og det reint muslimske Malifut. Etter som striden spreidde seg til det meste av Maluku Utara fekk den meir preg av å vere ein religionskonflikt. Tusenar av menneske på Halmahera vart drepne i kampar mellom religiøse, væpna styrkar, også stridande frå grupper som kom frå Java (Laskar Jihad og FPI =Islamsk forsvarsfront). I juni 2000 omkom om kring 500 personar, då ei ferje som frakta flyktningar frå kampane på Halmahera sokk ved nordaustodden av Sulawesi. Konspirasjonsteoriar florerte kring denne hendinga. Eit merke til minne om tragedien er reist i landsbyen Duma på Nord-Halmahera.

Sambandet med resten av Indonesia går for det meste over provinshovudstaden Ternate. Men også Tobelo, største byen på Halmahera, har direkteruter med ferje og frakteskip til Surabaja og Manado.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Landbruk er hovudnæring. I fremste rekke kjem produksjon av ris, kaffi, kakao og sukkerrøyr.

Fleire stader på Halmahera er større gruver i drift eller under utvikling.Eit australsk føretak, Newcrest Mining, er majoritetseigar av to gullgruver. Omkring den eine av desse, Toguraci, har det stått strid mellom lokalbefolkninga på staden og gruveselskapet. Dei lokale viste til at skogsområdet der gruvedrifta føregjekk, i følgje indonesisk lov var under vern. Den dåverande presidenten i Indonesia, Megawati, stilte seg bak eit lovtillegg som opna for gruvedrift. Lovtillegget vart vedteke i januar 2004. Før oktober 2003 var det indonesiske militære som vakta gruva. Desse vart då bytta ut med ein paramilitær styrke utgått frå politiet. I 2003 var det jamnleg protestar mot gruveselskapet. Under ein protest i januar vart ein demonstrant drepen av vaktstyrkane og fleire andre vart skadd. Protestane heldt likevel fram ut gjennom året, mellom anna ei okkupasjon av gruva i mai-juni.

Nord på øya er ei nikkel- og koboltgruve under utvikling. Det australske selskapet Weda Bay Minerals reknar med førekomstar til minst 25 års drift.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]