Gapestokk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nederlandsk gapestokk.
Steinmerra ved Skafså kyrkje
Foto: Siri Johannessen
Gapestokken ved Skafså kyrkje
Foto: Siri Johannessen

Gapestokk var reiskap for å stilla ut ein ugjerningsmann eller -kvinne til spott og spe for allmugen. Den som vart plassert i gapestokken hadde utført ei alvorleg ugjerning, eller ei gjerning som den gongen vart oppfatta som alvorleg av makthavarane. Gapestokken kunne og vera ein stokk med ein halsring av jarn. Det gjeld til dømes gapestokken ved Tingvoll kyrkje.

Almugen kunne uttrykka sinne ved å slenga skjellsord, spytta på, eller kasta ting på ugjerningsmannen eller -kvinna. Både hovudet og begge hendene sett fast, så den som stod i gapestokken kunne ikkje forsvara seg når sinte sambygdingar kasta noko på han eller ho. Å få til dømes forderva mat i andletet kunne vera ubehageleg, men likevel ufarleg. Verre var det når nokon kasta stein. Straffa varte ofte nokre timar, men i somme tilfelle skal det ha hendt at fangen stod i gapestokken i fleire dagar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gapestokk vart innført i mellomalderen og var fleire plassar i bruk langt inn på 1800-talet. I Noreg vart gapestokken sist nytta på 1840-talet. Han var t.d. brukt i Moss i 1840,[1] og i Hardanger 1845.[2] I Vefsn vart tenestefolk som ikkje møtte til avtalt teneste dømde til å stå i gapestokk så seint som 31.10. og 7.12.1846.[3]

I Noreg vart gapestokken avskaffa gjennom Stortingets Lov om Afskaffelse af forskjellige Strafarter vedtatt 30. mars 1847, sanksjonert 17. mai same år.[4]

I USA fekk ein butikktjuv valet mellom å sitja 60 dagar i fengsel og ei mild form for gapestokk i 2007.[5]

Gapestokken og steinmerra ved kyrkjene i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Sabbatsforordningen frå 1730 vart det pålagt å ha gapestokk framom alle kyrkjer i Noreg, men det verkar som om det på dei fleste kyrkjestader alt hadde vore gapestokk på plass sidan kring 1650. Frå attende i mellomalderen finst det døme på ein annan type offentleg avstraffingsinnretting som vart kalla «steinmerr» eller «tremerr». Dette var ein flat stein eller planke sett på høgkant som han eller ho som skulle straffast laut sitje overskrevs på med tunge lodd festa til beina. Ved Skafså kyrkje og Seljord kyrkje i Telemark finst det bevart både gapestokk og steinmerr.[6]

Språklege leivningar[endre | endre wikiteksten]

Omgrepet å setta i gapestokk vert framleis nytta i symbolsk tyding, når nokon vert uthengd offentleg.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Gyldendals store konversasjonsleksikon, Bind 2 D-G, Gyldendals Norske Forlag, 1972.
  2. Lars O. Bleie: Den siste Gapestokkdomen i Hardanger - Lokalhistorisk magasin 1/2020.
  3. Knut Skorpen: Vefsn Bygdebok særbind 7b, s. 222-332.
  4. Love, Anordninger, Kundgjørelser, aabne Breve, Resolutioner m.m., der vedkomme Kongeriget Norges Lovgivning og offentlige Bestyrelse. Christiania: Grøndahl. 1851. s. 374. 
  5. Klüver, R., Schandlaufen vorm Supermarkt Arkivert 2007-12-05 ved Wayback Machine., Sueddeutsche.de.
  6. Øystein Morten (2008). Stavkyrkja i Eidsborg : Ein biografi. Oslo: Scandinavian Academic Press/Spartacus Forlag. s. 146. ISBN 978-82-304-0037-1. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Gapestokk