Garnering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Garnering er den indre kledningen som vert lagd på spanta i eit fartøy. I tillegg til å gi jamn overflate, er ganeringa med på å gjere fartøyet sterkare. I trefarkostar er garneringa ofte av furu. Etter forskrifter frå Veritas skal margsida av plankane vende ut frå spanta. For å minske fuktoppsamling på hud, spant og garnering, må garneringa ventilerast. Det vert gjort antan ved langsgåande luftekanalar eller ved lufteluker, slik som på redningsskøyter med dreven garnering.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]