Geir Moen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Geir Moen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. juni 1969 (54 år)
Moss kommune
Idrett friidrett, sprint
Tok del i

Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996

Utmerkingar

Aftenpostens Gullmedalje, Bislett-medaljen, Kongepokal, Kongepokal

Geir Anders Moen (fødd 26. juni 1969) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Moss.

Dei beste prestasjonane hans kom under europameisterskapen i friidrett i 1994, då han vann 200 meter og tok sølv på 100 meter. For desse prestasjonane fekk han Aftenpostens Gullmedalje. I 1995 blei han verdensmeister på 200 meter innandørs.

Geir Moen dominerte norsk sprint i ei årrekke. I løpet av karrieren tok han 18 individuelle NM-titlar utandørs, den første i 1988 på 200 meter. 14 år seinare, i 2002, vann han både 100 og 200 meter.

Moen sine personlege rekordar er 10,08 sekundar på 100 meter og 20,17 sekundar på 200 meter. 10,08 på 100 meter var norsk rekord i elleve år fram til 7. august 2007, då den vart slått av norsk-gambiske Jaysuma Saidy Ndure med tida 10,07. 200 meter-tida var også norsk rekord, fram til Ndure den 23. september 2007 sette ny norsk rekord med 19,89 under verdscupfinalen i friidrett i Stuttgart, også den rekorden stod i 11 år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]