Genève internasjonale lufthamn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frå lufta

Genève internasjonale lufthamn (offisielt: Aéroport International de Genève) er ein flyplass utanfor Genève i Sveits. Den ligg 5 km frå sentrum og har både buss- og toglinjer inn til byen. Den nordlege delen av flyplassen går langs grensa mellom Sveits og Frankrike og han kan derfor bli brukt av begge landa. Passasjerane på flyturar til eller frå Frankrike treng derfor ikkje å passera sveitsisk toll og immigrasjon, dersom dei går ut på den franske sida.

Flyplassen er base for selskapa easyJet og Swiss International Air Lines, og var tidlegare base for Swiss World Airways, som gjekk konkurs i 1998. I 2007 hadde flyplassen 10 806 653 passasjerar, noko som er ein oppgang på 9.5% frå 2006.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.