Geofon
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein geofon er eit apparat som vert nytta til å registrere skjelvingar i undergrunnen som kjem av kunstige sprengingar. Skjelvingane forplantar seg gjennom jordlaga som elastiske bølgjer og geofon måler kor lang tid det for desse bølgjene å nå fram til utvalde observasjonspunkt. Dette vert særleg nytta innan petroleumsgeologien for å undersøke lagstillinga og andre geologiske tilhøve i undergrunnen.
Når liknande undersøkingar vert gjort frå skip for å undersøke grunnen under havbotn, vert eit tilsvarande apparat kalla hydrofon.
Kjelder [endre]
- Store norske leksikon, snl.no, «Geofon»