Hydrofon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein hydrofon

Ein hydrofon er ein slags undervassmikrofon brukt som lytteapparat for å fange lydbølgjer under vatn og til å finne retninga til lydkjelda i vatnet. Lydkjelda kan til dømes vere eit skip eller ein skipspropell. Hydrofonar vert mellom anna nytta til å søke etter ubåtar og til prospektering ved leiting etter petroleum under vatn.

Ved hjelp av hydrofonar er det påvist at kvalar og mange fiskeartar gjev lydar frå seg.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]