Geolog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Geologar som utforskar sedimentære bergarter frå juratida ved Makhtesh Gadol i Israel.

Ein geolog er ein person som har geologi som arbeidsfelt eller fag. Geologar vert utdanna ved universiteta, ofte med høgare grads eksamen, eller som sivilingeniør.

Geologar jobbar med geologisk kartlegging, malmleiting, petroleumsundersørkingar, grunnundersøkingar eller rein forsking.

I Noreg er geologane knytte til institusjonar som Noregs geologiske undersøkingar (NGU), Norsk Polarinstitutt, vegstyresmaktene, stats- og fylkesadministrasjon, vidaregåande skule, universiteta og høgskular, oljeselskap og private konsulentfirma.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]