Geologisk formasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eit geologisk tverrsnitt av Grand Canyon. Dei svarte nummera syner til grupper av formasjonar og dei kvite til sjølve formasjonane.

Ein formasjon er ei geologisk eining som består av ei viss mengd sedimentære lag. Formasjonen er mogeleg å kartlegge og har ei øvre og nedre grense som er karakteriserte av endringar i samansetninga i laga. Tjukkleiken på formasjonane kan derfor variere mykje.

Konseptet med å dele inn fjell i lag og formasjonar høyrer til fagfeltet stratigrafi. Ein formasjon kan delast inn i medlemmar og er igjen gruppert i lag i grupper.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]