Grand Canyon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utsyn frå det sørlege av Grand Canyon. Foto: Luca Galuzzi.

Grand Canyon er ei enorm kløft i det nordlege av Arizona i USA. Grand Canyon er omtrent 446 kilometer lang og har ei breidd som varierer mellom 0,5 til 29 kilometer og ei djupn på over 1600 meter. Djupna gjer at ein kan sjå to milliardar år av geologisk historie i dei sedimentære laga. Grand Canyon har blitt skapt som eit resultat av erosjon frå Coloradoelva over fleire millionar år. Den første europearen som oppdaga Grand Canyon var García López de Cárdenas i 1540. Då hadde det allereie budd indinarar i området i over 3000 år.

Grand Canyon var stortsett uutforska før den amerikanske borgarkrigen. I 1869 drog major John Wesley Powell ut på den første ferda gjennom kløftsystemet. Han gjennomførte reisa med ni menn i fire små trebåtar; men berre seks av mennene gjennomførte ho. Powell refererte til dei sedimentære laga i kløfta som "sider i ei stor historiebok".

Grand Canyon sett frå elvenivå.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Grand Canyon National Park Service - heimesida til Grand Canyon nasjonalpark

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Grand Canyon