Georadar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eit georadargram samla inn over ein historisk gravlund i Alabama, USA. Hyperbolske refleksjonar indikerer at det finst reflektorar gravlagd under overflata, kanskje knytt til menneskelege gravferder.

Georadar eller bakkepenetrerande radar (BPR) er ein geofysisk metode som bruker radarpulser til å avbilde undergrunnen. Denne ikkje-destruktive metoden nyttar seg av elektromagnetisk stråling i mikrobølgje-bandet (UHF/VHF-frekvensar) av radiospekteret, og detekterer reflekterte signaler frå strukturer i undergrunnen.

Ein kan til dømes avgjere form og plassering av ruinar, søyler og lekamar som ligg i undergrunnen, og ein kan kunne avgjere tjukkeleiken av lag under overflata, nytta innan geologiske undersøkingar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bryhni, Inge. (2009, 14. februar). Georadar. I Store norske leksikon. Henta 19. november 2013 frå http://snl.no/georadar.