Georges Chastellain

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karl den djerve tek imot ei bok frå Georges Chastellain. Miniatyrmåleri i L'instruction d'un jeune prince.

Georges Chastellain (ca. 1405 eller ca. 1415-20. mars 1475) var ein burgundisk krønikeskrivar og poet, fødd i Aalst i Flandern.[1] Historiske verk av Chastellain er verdifulle for den nøyaktige informasjonen dei inneheld. Som poet var han kjend blant samtidige. Han var den store meisteren i skulen av grands rhétoriqueurs, som var kjenneteikna av svært kunstige former og ein overflod av latinismar og grekismar.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Chronique des choses de mon temps, historieverk om åra 1417–74. Berre fragment er att. Verket blei halde fram av læresveinen til Chastellain, Jean Molinet, etter at meisteren døydde.
  • "Louange à la tresglorieuse Vierge" (ca. 1455).
  • Récollections des merveilles advenues en mon temps (Antwerpen, 1505).
  • Chronique de Messire Jean de Lalaing, biografi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]