Geostasjonær bane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Geostasjonær bane er ei spesiell satellittbane med 0 grader inklinasjon med ein slik avstand frå jorda at rotasjonstida i bana tilsvarar rotasjonstida til jorda rundt sin eigen akse, eit såkalla siderisk døgn. Ein satellitt i geostasjonær bane vil tilsynelatande stå i ro på eit fast punkt på himmelkula. Avstanda frå jordoverflata til ein satellitt i geostasjonær bane er omtrent 35786 km. Farten til ein satellitt i bane er omtrent 3,07 km/s.

Denne bana vert mykje brukt til forskjellige kommunikasjonssatellittar, anten for telekommunikasjon, datatrafikk, tv-kanalar eller ein kombinasjon av desse. Satellittmottakarar på jorda kan då peike til eit fast punkt på himmelen. Nokon metrologisatellittar ligg også i denne bana.

Ein kan vise at 3 satellittar er nok for å gi global dekning.

Spire Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.