Jorda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar, sjå Jord (fleirtyding)
[endre]
Jorda
Eit fargebilde tatt frå Apollo 17
Menneskeleg sosial statistikk
Største opphopingane Tokyo  Mexico by  Seoul  New York  São Paulo  Bombay
Språk
(estimert 2000)
Mandarinkinesisk 14,37% 
Hindi 6,02% 
Engelsk 5,61% 
Spansk 5,59% 
Bengali 3,4% 
Portugisisk 2,63% 
Russisk 2,75% 
Japansk 2,06% 
Tysk 1,64% 
Koreansk 1,28% 
Fransk 1,27% 
andre
Religion
(estimert 2002)
Kristendom 32,71% 
Islam 19,67% 
Hinduisme 13,28% 
Buddhisme 5,84% 
ikkje-religiøse 14,84% 
andre 13,05%
Folketal (estimert 31. oktober 2011)
 - Totalt 7 000 000 000
Valuta Amerikanske dollar  Japanske yen  Euro  Britiske pund  andre
BNP (estimert 2003)
 -KKP 51 656 251 000 000 IND
  for kvar ibuar 8 236 IND
 -Nominelt 36 356 240 000 000 USD
  for kvar ibuar 5 797 USD
Baneparametrar (Epoch J2000)
Store halvakse 149 597 887 km
(1,00000011 AE)
Banens omkrins 940 000 000 km
(6,283 AE)
Eksentrisitet 0,01671022
Perihel 147 098 074 km
(0,9832899 AE)
Aphel 152 097 701 km
(1,0167103 AE)
Omløpsperiode 365,256 96 d
(1,0000191 år)
Synodisk periode ikkje tilgjengeleg
Gjennomsnittleg banefart 29,783 km/s
Maks. banefart 30,287 km/s
Min. banefart 29,291 km/s
Banehelling til ekliptikken 0,00005°
(7,25° til solas ekvator)
Lengda til
oppstigande knute
348,73936°
Perihelargument 114,20783°
Talet på satellittar 1 (månen)
(sjå au 3753 Cruithne)
Fysiske eigenskapar
Diameter ved ekvator 12 756,28 km
Diameter over polane 12 713,56 km
Snittdiameter 12 742,02 km
Flattryktheit 0,00335
Omkrins rundt ekvator 40 075 km
Omkrins over polane 40 008 km
Overflateareal 510 067 420 km²
Volum 1,0832·1012 km³
Masse 5,9736·1024 kg
Tettleik 5,515 g/cm³
Ekvatorial tyngdekraft 9,780 m/s2 [1]
(0,99732 G)
Unnsleppingsfart 11,186 km/s
Rotasjonsperiode 0,997258 d (23,934 t)
Rotasjonsfart 1 674,38 km/t = 465,11 m/s
(ved ekvator)
Aksehelling 23,439281°
Rektasensjon
av nordpolen
0° (0 t 0 min 0 s)
Deklinasjon 90°
Albedo 0,367
Overflatetemp.
- min
- snitt
- maks

185 K
287 K
331 K
Atmosfærisk trykk på overflata 100 kPa
Atmosfærisk samansetting
Nitrogen 77%
Oksygen 21%
Argon 1%
Karbondioksid spor
Vassdamp spor

Jorda, også kalla Tellus, Gaia, den blå planeten, terra (frå latin) og verda, er den tredje planeten frå sola og er den største steinplaneten i solsystemet. Jorda er om lag 150 millionar kilometer unna sola. Jorda har ein naturleg satellitt kalla månen, og jorda er den einaste planeten i universet der ein veit med visse at det finst liv.

Jorda vart forma for 4,54 milliardar år sidan, og liv kom omkring éin milliard år etter forminga.

Men sjølv om sju tidelar av jordyta er dekt av sjøvatn, utgjer dette vatnet berre ein femtidels prosent av massen til planeten (sjå infoboksen til høgre). Det vanlegaste stoffet i verda er perovskitt, som står for om lag halvparten av jordmassen.

Danning og tidleg historie[endre | endre wikiteksten]

Den vanlegaste teorien er at jorda og dei andre planetane i solsystemet oppstod for kring 4,5 til 5 milliardar år sidan frå ei kosmisk gass- og støvsky av same type som dei såkalla globulane som det finst mange av i Mjølkevegen.

Ved kondensasjon vart støvskya omforma til ei roterande diskosforma skive der gass- og støvpartiklane vart konsentrert i sentrum og danna sola. I mindre klumpar vart det danna planetar som alle roterer same veg kring sola. Jorda og dei andre planetane må ha vore forholdsvis kjølige då dei vart danna og temperaturen var truleg ikkje høgare enn 1000-1500 °C. Ved denne temperaturen var dei fleste stoffa faste, berre nokre få edelgassar var i gassform ved desse lågare temperaturane, og forsvann derfor i stor grad ut i rommet. Samansetninga til jorda er derfor prega av låge edelgasskonsentrasjoner, men elles ein grunnstoffsamansetting som ikkje skil seg særs frå resten av solsystemet (og stjerner).

For å få skilt ut den tunge metalliske kjernen og den lette jordskorpa frå ein opphavleg kald, homogen klode, må jorda ha gjennomgått ein intens oppvarmingsfase, bortimot smeltepunktet for jern. Energi til oppvarminga kan stamme frå fleire kjelder, først og fremst spalting av radioaktive stoff (særleg kaliumisotopen 40K) og gravitasjonsenergi. Òg månen kan ha spelt ei rolle mellom anna ved at han tidlegare gjekk i ein bane nærare jorda og med det skapte langt større tidvassbølgjer.

Dei ulike mekanismane medverka samla til å varme opp jorda slik at ho gradvis vart differensiert. Dei tyngre stoffa søkkte inn mot sentrum og skapte kjernen, dei lettare fann vegen mot overflata og danna skorpa. Dei eldste skorpebergartane ein finn på jorda har ein alder på om lag 3,8 milliardar år. Jordatmosfæren er òg i stor grad danna ved ein stadig «lekkasje» av flyktige stoff (gassar, damp) frå det indre av jorda. Fritt oksygen, som no er ein livsviktig del av atmosfæren, vart tilført gradvis, først og fremst gjennom fotosyntesen til cyanobakteriane og seinare plantene . Dei tidlegaste spora av liv (bakteriar, algar) kan påvisast 3,5–3,0 milliardar år tilbake. Den gradvise auken av oksygeninnhaldet i atmosfæren gjorde det etter kvart mogeleg for den sterke utviklinga av livsformer, først i havet og seinare òg på land.

Topografi[endre | endre wikiteksten]

Overflata til jorda har eit areal som dekkjer om lag 510 millionar km², og av dette er kring 148 millionar km² land, inkludert innsjøar og elvar. 362 millionar km² er hav. Fordelinga mellom land og hav på jorda er særs ujamn, og berre 16 % av den sørlege halvkula er landområde.

Den verkelege grensa mellom landmassane og havområda går på yttersida av kontinentalsokkelen, der kor kontinentalskråninga dannar overgangen til djuphavet. Den innbyrdes plasseringa til kontinenta vert stadig endra. Endringane skjer gradvis og med ein årleg forskyving på nokre få centimeter. Det er ikkje enkelt å sjå desse endringane direkte, men ein kan merke sekundære verknader i form av jordskjelv og vulkanutbrot. I tillegg vil klimatiske tilhøve påverke kvar kystlinjene går. Om ein smeltar all isen på Antarktis og Grønland vil til dømes havoverflata stige med kring 70 meter og store låglandsområde vil ligge under vatn.

Dei største havdjupa på jorda finn ein nestne utelukkande langs djuphavsgropene, som er smale trau nær land eller parallelt med øybogar som Aleutane, Kurilane, den indonesiske øybogen. I Stillehavet følgjer djuphavsgropene nesten kystlinjene heile vegen rundt som ein ring. I Atlanterhavet har ein ikkje djuphavsgroper. Langs midthavsryggane vert havet grunnare. Desse undersjøiske fjellkjedene er breie og takka fjellryggar over dei omkringliggande djuphavsslettene. Midhavsryggane består utelukkande av vulkansk material, og berre dei høgaste toppen stikk opp av havet som vulkanøyar, til dømes Jan Mayen, Island, Asorane og Bouvetøya, som alle ligg langs Atlanterhavsryggen.

Kontinenta består av meir eller mindre oppbrukne grunnfjellsplater, omgjeve av ustabile foldesoner. Sidan kambrium har ein hatt fire foldesystem: den kaledonske orogenesen i silur og devontida, den hercynske orogenesen i karbon- og permtida, den mesozoiske orogenesen i jura- og kritt-tida, og den alpine orogenesen frå slutten av mesozoikum og i tertiær. Dei høgaste fjella på jorda i dag finn ein i den alpine foldsonen, med mellom anna Mount Everest på 8850 meter over havet. Dei største havdjupa finn ein utanfor land eller øyar der yngre foldesoner går langsetter kystane. Den djupate er Marianergropa austom Marianane på 11 035 meter under havet. Høgdeskilnaden mellom den høgaste fjelltoppen og det største havdjupa er kring 1/642 av diameteren til jorda ved ekvator.

Kring 29 % av det samla landarealet ligg opp til 200 meter over havet, 27 % frå 200 til 500 meter over havet, 19 % frå 500 til 1000 meter over havet, 17 % frå 1000 til 2000 meter over havet, 6 % frå 2000 til 4000 meter over havet og 2 % over 4000 meter over havet. Om ein glatat ut heile jordoverlata, slik at ein hadde ei jordoverflate utan topografi, ville havet ha dekkja heile jorda med ei djupne på om lag 2600 meter.

Oppbygging og samansetning[endre | endre wikiteksten]

Ein kan berre studer det indre av jorda gjennom indirekte metodar. Sjølv dei djupaste gruvene og borehola når berre nokre få kilometer ned i den ytre jordskorpa, som utgjer om lag 1 % av jordradien, som er om lag 6360 km. Mellom anna kan ein studere jordskjelvbølgjene som forplantar seg gjennom dei ulike bergartane for å finne ut noko om strukturen til det indre av jorda. Ein har òg studert meteorittar og naboplanetane våre i rommet, som truleg er danna av det same urmaterialet som jorda, samt andre metodar.

Jordkula er roterande og derfor svakt samantrykt og er bygd opp av fleire konsentriske lag. Laga vert tyngre og tyngre mot sentrum og kan grovt sett delast inn i tre: jordskorpa, mantelen eller kappa og kjernen.

Jordskorpa[endre | endre wikiteksten]

Jordskorpa består av to hovuddelar: havbotn- og kontinentalskorpa. Kontinentalskorpa er om lag 35 km tjukk i gjennomsnitt, men kan vere opp til 60-70 km tjukk under unge fjellkjeder. Havbotnskorpa er langt tynnare og i snitt berre 8-10 km tjukk. Havbotnskorpa består hovudsakleg av basaltisk lava og mørke gabbrobergartar med eit tynt topplag av djuphavssediment.

Mantelen[endre | endre wikiteksten]

Innanfor jordskorpa strekkjer mantelen seg ned til om lag 2900 km og grensa til kjernen. Ofte deler ein inn mantelen i ein øvre, midtre og nedre del. I den øvre delen finn ein hovudsakleg peridotittar og grønaktige olivinsteinar av same type som ein av og til kan finne som små klumpar inneklemt i jordskorpebergartane (t.d. i Møre og Romsdal). Her finst òg den tunge bergarta eklogitt, som òg er kjent frå djupe røter av fjellkjeder på jordoverflata.

Djupare nede i mantelene aukar temperaturen og trykket, og grunnstoffa vert konsentert i mindre plasskrevande mineral. Om lag 410 km nede vil til dømes olivin omdannast til det tyngre mineralet spinell og ved 660 km vert spinellen igjen omdanna til det enno tyngre perovskitt. I overgangane mellom desse sonene aukar snøggleiken til jordskjelvbølgjene. Perovskitt er truleg det mest utbreidde mineralet på jorda og vert erstatta av post-perovskitt i ei djupne på 2600-2700 km, som er 200 km over grensa mot kjernen.

Den nedste delen av mantelen på djupner frå 1000 til 2900 km er særs tjukk og kjemisk sett lik den øvre mantelen. Ein finn her meir jern og sulfid. Undergrensa vert kalla Gutenbergs diskontinuitet.

Kjernen[endre | endre wikiteksten]

Kjernen består av ein ytre flytande, og ein indre fast del, med ein mellomliggande overgangssone på om lag 140 km. Kjernen har særs høg tettleik. Den ytre delen består truleg av silisium, metallisk jarn, samt ein del nikkel og andre metall. I den indre kjernen trur ein at det må vere område jern og noko nikkel.


Dei geologiske laga i jorda[1]
Earth-crust-cutaway-nynorsk.svg

Tverrsnitt av jorda frå kjernen til eksosfæren. Ikkje i skala.
Djupne[2]
km
Lag Tettleik
g/cm3
0–60 Litosfære[note 1]
0–35 Skorpe[note 2] 2,2–2,9
35–60 Øvre mantel 3,4–4,4
  35–2890 Mantel 3,4–5,6
100–700 Astenosfære
2890–5100 Ytre kjerne 9,9–12,2
5100–6378 Indre kjerne 12,8–13,1

Litosfære og astenosfære[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til denne tredelinga i skorpe, mantel og kjerne, har ein ved hjelp av jordskjelvebølgjene vist at det om lag 100 km nede og ned til om lag 250 km finst ein noko «blautare» mantel, fordi mantelen her er særs nær smeltepunkta til bergartane. Dette «blaute» laget blir kalla astenosfæren. Over astenosfæren ligg den øvste delen av mantelen og skorpa, som er eit meir stivt skal og vert kalla litosfæren. Dei om lag 100 km tjukke litosfæreplatene kan «gli» oppå astenosfæren, som ligg under. Rørslene i platene skapar dramatiske hendingar på jordoverflata som jordskjelv, vulkanisme og fjellkjededanning.

Fysiske kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Ein kjenner til dei fysiske eigenskapane til jorda ved å sjå på tyngdeakselerasjon ved overflata og gravitasjonskonstanten, som ein kan rekne ut gjennomsnittstettleiken til jorda ut frå. Ved å sjå på jamdøgnspunkta kan ein rekne ut tregleiksmoment og tyngdefordelinga gjennom jorda. Seismiske data gjev informasjon om diskontinuitetsflater i jorda og elastisitetskonstantane gjennom jorda. Ved å måle varmestraumane kan ein finne fordelinga av radioaktive grunnstoff i jorda.

Tettleiken til kontinenta er 2,75 g/cm³, mot kring 2,9 g/cm³ for havbton. Den gjennomsnittlege tettleiken til jorda er 5,5 g/cm³, og ved sentrum av jorda er han så høg som ca. 13,5 g/cm³.

Den gjennomsnittlege temperaturgradient i den øvre delen av kontinenta er om lag 30 °C/km, men han minkar raskt. Temperaturen ved grensa mellom mantelen og skorpa er truleg kring 800 °C. I det indre av jorda trur ein temperaturen er om lag 4000–5000 °C, som gjev ein gjennomsnittleg temperaturgradient for heile jorda på om lag 0,6–0,8 °C/km.

Platetektonikk[endre | endre wikiteksten]

platetektonikken fekk gjennombrotet sitt på slutten av 1960-talet. kunne ein forklare mange storstilte geologiske trekk på jorda. Romforsking har òg gjeve mykje vitskapleg material og kunnskap, òg om det indre i jorda og dermed om dei geologiske prosessane på jordoverflata.

Alfred Wegener framsette på byrjinga av 1900-talet kontinentaldriftshypotesen, som skulle skape debatt gjennom fleire tiår. Wegener viste at mange merkverdige faktorar ved klimatilhøva i eldre tider lettare kunne forklarast ved at kontinenta hadde forflytta seg. Mellom anna kunne tydelege, men spreidde spor av ein (ca. 300 millionar år) gammal istid på den sørlege halvkula best forklarast viss landområda på den tida hadde vore føydd saman til eit enkelt samanhengande superkontinent, Pangea.

Ein annan, nyare og like viktig hypotese er havbotnspreiinga, som vart foreslått i byrjinga av 1960-åra. Han går ut på at jordskorpa under verdshava og øvste delen av mantelen (litosfæren) sprekk opp langs midten. Glødande lavamasser blir danna under litosfæren, treng opp i sprekksonene, størknar og byggjer dermed opp dei veldige midthavsryggane, samstundes med at havbotn på begge sider glir ut til sidene. Havbotnen vert altså kontinuerleg skapt langs midthavsryggane, og alderen til havbotn vil auke jamt med avstanden frå ryggen til begge sider.

Ein har ikkje nokon stader på jordkloden funne havbotn som er eldre enn kring 200 millionar år. Sidan jorda er om lag 4,6 milliardar år gammal, må det bety at havbotn ikkje vert skapt på ny, men må òg forsvinne att. I tillegg ville omfanget til jorda ha auka om ikkje det forsvann havbotn etter kvart som det kom til ny.

Kontinentaldrifta, havbotnspreiinga og den konstante verdien til jordradien er alle teke vare på i platetektonikken. Jordoverflata er delt opp i store plater som flyttar seg i høve til kvarandre. Der dei glir frå kvarandre oppstår ein såkalla spreiingsakse eller midthavsrygg. Der dei kolliderer, vil havbotnsdelane av platene ofte pressast under dei kontinentale delane, slik det skjer rundt det meste av Stillehavet. Desse områda vert kalla subduksjonssoner og ein finn der gjerne djuphavsgroper der havbotnsplata vert bøygd og søkk ned innunder kontinentalplata.

Områda der platene kolliderer er òg markert som intense jordskjelvsoner, der kollisjonsspenningane blir utløyst som plutselege brot i bergartane. Så lenge litosfæreplatene er i rørsle, vil kollisjonssonene representere risiko-område; Himalaya, Kaukasus, Alpane, Andesfjella og dei øvrige unge fjellkjedene og øybogane kring Stillehavet er alltid potensielle jordskjelvsområde.


Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Varierer lokalt mellom 5 og 200 km.
  2. Varierer lokalt mellom 5 og 70 km.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jordan, T. H. (1979). «Structural Geology of the Earth's Interior». Proceedings National Academy of Science 76 (9): 4192–4200. doi:10.1073/pnas.76.9.4192. PMC 411539. PMID 16592703. 
  2. Robertson, Eugene C. (2001-07-26). «The Interior of the Earth». USGS. http://pubs.usgs.gov/gip/interior/. Henta 5. september 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jorda
Solsystemet
Sola Merkur Venus Månen Jorda Phobos og Deimos Mars Ceres Asteroidebeltet Jupiter Månane til Jupiter Saturn Månane til Saturn Uranus Månane til Uranus Månane til Neptun Neptun Månane til Pluto Pluto Kuiperbeltet Dysnomia Eris Den spreidde skiva OortskyaSolar System XXVII.png
Sola · Merkur · Venus · Jorda · Mars · Ceres · Jupiter · Saturn · Uranus · Neptun · Pluto · Eris
planetar · dvergplanetar · månar: Månen · marsmånar · jupitermånar · saturnmånar · uranusmånar · neptunmånar · plutomånar · erismånen
smålekamar:   meteoroidar · asteroidar/asteroidemånar (asteroidebeltet) · kentaurar · TNO-ar (kuiperbeltet/den spreidde skiva) · kometar (Oortskya)
Sjå òg himmellekamar, liste over lekamar i solsystemet, sorterte etter radius eller masse, og temasida om solsystemet