Giovanni Antonio Pandolfi Mealli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Giovanni Antonio Pandolfi Mealli (fødd rundt 1620; død rundt 1669) var ein italiensk komponist og fiolinist.

Den einaste opplysinga som finst om Mealli er ei oppføring i regnskapene til det habsburske hoffet i Innsbruck som fortel at han hadde ei årsløn på 200 gulden.

Av Mealli sin musikk er det berre bevart to samlingar kvar med seks sonatar for fiolin og generalbass. Opus 3 er dedisert fyrstinne Anna di Medici og opus 6 erkehertug Siegmund Franz. Dei einskilde sonatane ber namn etter musikarar ved hoffet, som til dømes La Viviana (Antonio Maria Viviani), La Castelle (Antonio Castello), La Cesta (Antonio Cesti).

Sonatane til Mealli er eit tidleg døme på ei stilretning som blir kalla stylus phantasticus.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]