Stylus phantasticus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Stylus phantasticus (òg stylus fantasticus, dvs «fantastisk stil») er ei stilretning innan barokkmusikken. Opphavet ligg hos seinrenessansekomponisten Claudio Merulo og nådde høgdepunktet i den nordtyske orgelskulen mot slutten av 1600-talet.

Særmerkt for verk i denne stilen er eit dramatisk spel avleiia av improvisasjonspraksisen i tida, der korte, varierte og til dels dissonante og bisarre figurar, ekstremt kromatiske passasjar og raske løp blir knytte saman på originale måtar. Dette skjer gjennom bruk av ostinate strukturar som soloinstrumenta utviklar kompleks kontrapunktikk over, ikkje ulikt improvisasjonspraksisen i jazzmusikken.

Andre pionerar i denne stilen er ved sida av Merulo Girolamo Frescobaldi (1583–1643), Giovanni Antonio Pandolfi Mealli (ca. 1620–1669) og Johann Jakob Froberger (1616–1667). Stilen når sitt høgdepunkt i ulike sonatar av Heinrich Ignaz Biber, Dietrich Buxtehude og Francesco Maria Veracini. Eit imponerande døme er Johann Sebastian Bach sin Kromatisk fantasi og fuge i d-moll (BWV 903). Òg Bach-sønene heldt fram med denne tradisjonen.

Omtalar frå stilen si nære samtid[endre | endre wikiteksten]

Johann Mattheson skreiv i Der Vollkommene Capellmeister (Hamburg 1739): «Stylus phantasticus er den aller friaste og ubundne satsen og spelemåten som ein kan tenke seg då ein snart støyter på det eine eller andre innfallet og då det blir presentert særs uvanlege passasjar, skeiv ornamentikk, snurrige vendingar og utbroderingar utan eigentleg å akte på takt og tone; snart snøgt snart nølande; snart ein- snart mangestemmig; snart òg for ei kort stund etter taktslaget: utan omsyn til klangen; men heller ikkje utan å ville vere til hugnad, til å overraske og forundre.»[1][2]

Johann Joachim Quantz skreiv: «I denne stilen finn ein snarare skamløyse og forvirra tankegang enn atterhald, fornuft og orden.»[3]

Referansar og fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Der Stylus Phantasticus ist die allerfreieste und ungebundenste Setz-Sing- und Spiel-Art, die man nur erdencken kan, da man bald auf diese bald auf jene Einfälle geräth, da allerhand sonst ungewöhnliche Gänge, versteckte Zierrathen, sinnreiche Drehungen und Verbrämungen hervorgebracht werden, ohne eigentliche Beobachtung des Tacts und Tons; bald hurtig bald zögernd; bald ein- bald vielstimmig; bald auch auf eine kurze Zeit nach dem Tact: ohne Klang-Maasse; doch nicht ohne Absicht zu gefallen, zu übereilen und in Verwunderung zu setzen.
  2. http://www.musiche.de/stylus_phantasticus.htm
  3. In diesem Stil findet man eher Frechheit und verworrene Gedanken, als Bescheidenheit, Vernunft und Ordnung