Girard Desargues
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Girard Desargues (21. februar 1591–1661) var ein fransk matematikar, arkitekt og ingeniør.
Han var matematikar på same tid som Rene Descartes og var lærar for Pascal. Han var ein av dei føsrte som handsama perspektivet matematisk. Ei kjend setning i projektiv geometri er Désargues-teoremet: Dersom to trekantar ligg slik i rommet at sambandslinja mellom to og to hjørne møter kvarandre i same punkt, vil skjeringspunkta mellom to og to tilsvarande sider ligge på ei rett linje; det omvendte gjelder òg.
Kjelder[endre]
- Gérard Désargues. (2011-11-14) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Gérard_Désargues