Gothic Mountains

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 86°0′S 150°0′W
Gothic Mountains
fjellkjede
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Marie Byrd Land
 - koordinatar 86°0′S 150°0′W
Administrert under Antarktistraktaten
Gothic Mountains is located in Antarktis
Gothic Mountains (Antarktis)

Gothic Mountains er ei fjellgruppe i Dronning Maudfjella i Antarktis. Ho er 32 km lang og ligg vest for Watson Escarpment ved Scottbreen, Albanusbreen og Griffithbreen. Fjella vart vitja i desember 1934 av eit geologisk lag under Byrd Antarctic Expedition (ByrdAE) leia av Quin Blackburn. Namnet vart foreslått av Edmund Stump, leiaren for U.S. Antarctic Research Program (USARP) - Arizona State University som undersøkte området i 1980-81. Fjella består av granittar som har erodert og skapt ei rekkje spir og toppar som minnar om ein gotisk katedral.[1]

Fjell[endre | endre wikiteksten]

  • Grizzly Peak er ein pyramideforma fjelltopp på 2200 meter over havet sørvest for Mount Zanuck. Fjellet vart vitja i desember 1934 av eit geologisk lag frå Byrd Antarctic Expedition og vart rekna som ein del av Darryl Zanuck Mountain. Granitten i dette fjellet har danna mange små tindar, som får fjellet til å sjå ut som pelsen på ein grizzlybjørn.[3]
  • Mount Zanuck er eit fjell med tre skarpe tindar med ei høgd på 2525 meter over havet. Fjellet ligg på sørsida av Albanusbreen ved samløpet til Scottbreen. Det vart oppdaga av Byrd under ein flytur under Byrd Antarctic Expedition til Sørpolen i november 1929. Fjellet vart vitja i desember 1934 av eit geologisk lag Byrd Antarctic Expedition under Quin Blackburn. Det vart kalla opp av Byrd etter Darryl F. Zanuck i Twentieth Century-Fox Pictures, som støtta ekspedisjonen, 1933–35, som sette i saman det som vart filma under ekspedisjonen.[4]
  • Zanuck East Peak er den austlegaste av tre toppar som stig opp frå Mount Zanuck-massivet. Fjelltoppane vart oppdaga og kartlagd av det geologiske laget under Byrd Antarctic Expedition, 1933–35, leia av Quin Blackburn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]