Gotthilf Christian Reccard
Gotthilf Christian Reccard | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 13. mars 1735 Wernigerode |
Død |
3. oktober 1798 (63 år) |
Yrke | teolog, astronom, universitetslærar, Protestant theologian, matematikar, lærar, skoleinspektør |
Språk | tysk, latin |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Gotthilf Christian Reccard på Commons |
Gotthilf Christian Reccard (13. mars 1735–3. oktober 1798) var ein tysk evangelisk teolog og astronom. Han var fødd i Wernigerode og døydde i Königsberg.[1]
Liv og gjerning
[endre | endre wikiteksten]Reccard var son av ein diakon og gjekk ved lyseet (gymnaset) i Wernigerode. Han studerte i Halle og vart i 1762 prest ved Trinitatiskirche og 2. inspektør på realskulen i Berlin. Allereie i 1765 reiste han til Königsberg i Aust-Preussen, der han i dei komande åra skulle verte utnemnd til professor i teologi og til konsistoriet (det akademiske rådet). Frå 1776 til 1796 var han leiar av Collegium Fridericianum. Ved sidan av yrket sitt vigde han seg til astronomisk forsking.
Eit verk frå Reccard si hand, Lære-Bog i adskillige philosophiske og mathematiske Videnskaber kom i dansk utgåve i 1782.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Biographies: Königsberg Professors», www.manchester.edu, arkivert frå originalen 2. februar 2021, henta 16. november 2018
- Denne artikkelen bygger på «Gotthilf Christian Reccard» frå Wikipedia på tysk, den 14. oktober 2009.