Grøft
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grøft mellom veg og rismark i Japan.
Grøft (norr. grǫptr) er ei renne i bakken som kan vera open eller tildket. Ordet «grøft» er knytt til det å grava. Grøfter kan brukast til å leia vatn ein stad, og blir mellom anna brukte til å drenera eller vatna eit visst område. Ein kan òg bruka grøfter til å leggja røyr eller kablar til mellom anna elektrisitet eller telekommunikasjon i. Ofte lagar ein grøfter langs vegar, åkrar og nokre gonger ved bygningar, til dømes som festningsgraver.
Kjelder [endre]
- «grøft» i Nynorskordboka til Dokumentasjonsprosjektet.
- Denne artikkelen bygger på «Grøft» frå Wikipedia på dansk, den 27. november 2010.