Grant Wood

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
American Gothic, 1930
Daughters of Revolution (1932)

Grant Wood (13. februar 189212. februar 1942) var ein US-amerikansk kunstmålar, fødd i Anamosa i Iowa.

Wood studerte i Paris og München i 1920-åra og vart interessert i eldre, tysk målarkunst. Etter at han kom attende til USA, slo han seg nær fødestaden sin i Iowa og skildra amerikansk liv og natur i måleria sine. Stilen hans er naturalistisk, streng og røyndomsnær, påverka av flamsk måleri. Wood er ein av dei mest særprega kunstnarane i moderne amerikansk kunstmåleri.

Dei mest kjende verka hans er American Gothic (1930) og Daughters of Revolution (1932).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]